Grøn, liberal og sosial

Fylkesordførarkandidat, Anne-Beth Njærheim, og ordførarkandidat Stord, Geir Angeltveit.
Fylkesordførarkandidat, Anne-Beth Njærheim, og ordførarkandidat Stord, Geir Angeltveit., Foto: Magne Langåker

I årets val har Venstre fire hovudsaker: Miljø, skule, region- og næringsutvikling, og kultur.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Solid utdanning i ein god skule.
Skule og opplæring, fordi den einskilde eleven skal få oppfylt sine ønskjer, utvikla sine evner og dekka sine behov. I dag er fråfallet alt for høgt på yrkesfaga. Difor er dei yrkesfaglege studieretningane det viktigaste satsingsområdet for Venstre i denne perioden og samarbeidet med lokalt næringsliv må styrkjast for å skapa fleire arbeidsplassar.

Ta vare på nærmiljø og klima.
Miljø og klima, fordi me må redusera global oppvarming og skapa oss ei grøn framtid. Difor vil Venstre stilla krav om å få på plass miljøvenleg teknologi på buss og båt når me skal inngå nye avtalar om buss-, båt- og ferjetilbodet i fylket.

Utvikling i samfunnet.
Regionutvikling, fordi ein vestlandsregion kan bli leiande på klima & miljø, nyskaping i næringslivet, kultur og idrett, og som gir alle ein førsteklasses vidaregåande skulegong. Difor må ein ha god transport og kommunikasjon mellom regionsentra i Hordaland.

Skapa nye verdiar og arbeidsplassar.
Nyskapande næring og kultur, fordi kultur har ein eigenverdi som gjer livsglede, underhaldning og meining til mange. Medan næringslivet skapar arbeidsplassar, verdiar i samfunnet og inntekter til staten. Me ønskjer ei næringsutvikling der marin kompetanse og grøn vekst er to nøkkelord.

Lurar du på meir om Venstres politikk?

Les Stord Venstres program her.

Les Hordaland Venstres program her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**