Bli kjent med vår andrekandidat

Andrekandidat Vanylven Venstre
Leon Stranden, Foto: Alice Arnesen

Leon Stranden er andrekandidat på lista til Vanylven Venstre. Han er 48 år, gift med Alice, og har to born på 20 og 17 år.
Han stilte første gong på liste til kommunevalet i 2007 og vart medlem i Livsløpsutvalet og vara til kommunestyret i denne perioden.
Etter valet i 2011 blei det fast plass i kommunestyret og formannskapet, sistnevnte etter godt samarbeid med SP i konstitueringa.

Han er ikkje så glad i å bruke ordet politikar om seg sjølv, men meiner at samfunnsengasjert er meir passande.

Leon ynskjer at kommunen sine innbyggjarar skal få positive svar på tiltak dei ynskjer å utføre så lenge det ikkje fører til ulemper for andre. Får ein ikkje positive svar skal det etter behandling vere godt grunna.
Difor var det viktig å vere med på meklingsmøte med Fylkesmannen ang kommuneplan-arealdelen som gjeld til 2020. Der fekk Vanylven kommune gjennomslag for innbyggjarane sine ynskjer for å utvikle næring og turisme i åra framover.

Leon er ein sosial og positiv person og likar ikkje å seie nei!! Difor har han vore engasjert i lagsarbeid i Van-Kam,Syvde IL og Vanylven IL som styremedlem, trenar og oppmann. Han finn det gjevande å få fylgje borna på dei ulike idrettsarrangement rundt om i Norges land.

Godt val! Stem Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**