Vasskraft og heimfall

Nina Østebø

Borgånå

For rundt hundre år sidan var Noreg i ei brytningstid, med geniale personar som såg verdien i vasskraft. Lika geniale var dei politikarane me då hadde som såg faren ved at private fekk full råderett over vasskraftsresursane. Difor ivra den tids Venstre for heimfallsretten, med eit maks takpå 99 år privateigarskap.

Om få år (år 2022) vert ein slik avtale innløyst, og Hydro sin vassrett i Røldal­Suldal­kraft skal attende på dei offentlege sine hender. I dei siste dagane har det komme fram at Hydro og staten ser på eit fellesselskap til å vidareføra moglegheita for Hydro til å sikra seg rimeleg energi til t.d. Hydro Karmøy.

Suldal er ein kraft­kommune og her har me moglegheita til å både sikra inntekter, men ikkje minst kompetanse. Dette kan me gjera ved å gå inn på eigarsida i eit slikt selskap. Og i tider kor ein ser usikkerheit i dei kommunale kraftinntektene, må ein finna nye.

Venstre i Suldal vil føreslå å setja av midlar til eit slikt innkjøp. Dette kan bli gjort direkte frå kommunen, eller helst gjennom Suldal Elverk KF, slik at dei kan forvalta ressursane både innan kapital og kompetanse. Om elverket skal ta denne avsetjinga, må det sjåast i samanheng med kommunen sitt utbytte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**