Reiselivsfag i Hallingdal

Utvalsleiar Sissel Urke (V) ynskjer seg reiselivsfagskule i Hallingdal., Foto: Steinar Bleken

Buskerud Venstre ynskjer velkommen signala frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og regjeringa om å likestille fagskular med universitet og høgskular. Ved det håper ein å gjere fagskulane synlegare, med mål om høgare status for yrkesfaga. Dette grip rett inn i Buskerud Venstre sin ambisjon om Fagskule for reiseliv i Hallingdal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Buskerud Venstre meiner at lav status og manglande kunnskap om reiselivsnæringane er av dei viktigaste årsakene til at ungdom vel andre utdanningsløp. For at fagskule for reiseliv i Hallingdal skal bli vellukka må ein og sjå på korleis ein innrettar utdanningsløpa for reiselivsfaga på vidaregåande skule.

I 2009- 2011 gjennomførte Buskerud fylkeskommune eit 2- årig prosjekt for å auke fokuset på reiselivsutdanning på dei vidaregåande skulane i Hallingdal, ROS ( reiseliv og studiekompetanse). Status var dårlig rekruttering, lite kunnskap i grunnskulen av kva ei reiselivsutdanning er og kan gi av muligheter, lite kunnskap blant foreldre og lite kunnskap blant ungdom. Gjennom prosjektet såg ein stor interesse i næringa, endra søkjaradferd, men og behov for kvalitetssikring og utvikling over tid, som at det t.d. var behov for å sette av ressursar til å vidareføre tiltaka utover prosjektperioden.

Ei hovedutfordring i Hallingdal er rekruttering til utdanningane, noko som er eit paradoks når vi veit at reiselivet treng folk. Tradisjonelt har søking til reiselivslinjene i Hallingdal vore lav, det er ikke attraktivt for ungdom i Hallingdal å søkje seg til reiseliv på tross av mange spennande jobbar. For å auke status på yrkesfaga må både foreldre, ansette i skule og barnehagar, og næringane sjølv få augene opp for karrieremulighetene innanfor yrkesfaga

Næringa må erkjenne at faglært arbeidskraft er lurt, dei må gjere seg attraktive for ungdommane, og vere i dialog med fylkeskommunen om kva som er relevant kompetanse. Fylkeskommunen må ta ansvar for å synliggjere utdanningsvegar og karrieremuligheter i Hallingdal, og arbeide for å utvikle utdanningane i takt med dei endra behova i reiselivet. Og ikkje minst må kommunane gjennom opplæring i barnehagar og skular vere opptatt av at ungane våre blir stolte av og ser muligheter i næringslivet i Hallingdal.

Kompetansedirektør i NHO Are Turmo seier i ein kommentar til Aftenposten 24.6 til NAV si ferske arbeidsmarkedsanalyse: “Fleire vaksne må ta yrkesfag”. Han seier vidare; Fleire må velge yrkesfaglig utdanning, fleire må fullføre og fleire ufaglærte vaksne må inn i yrkesfagutdanninga. I fylgje statistisk sentralbyrå vil 200 000 ufaglærte jobbar vere overflødige i 2024.

Yrkesfaga må framsnakkast frå ungane våre er små. I mange år har høgare utdanning vore det som har hatt best klang i mange sine øyre, no er tida for å sjå til yrkesfaga.

Buskerud Venstre meiner at Hallingdal har alle føresetnader til å bli sentral i eit nytenkande, framtidsretta og grønt reiseliv. Reiselivsnæringa i Hallingdal kan bidra til, ilag med kommunar og Fylkeskommunen, at det vert kult å velge yrkesfag.

Sissel Urke_2
Sissel Urke, Ål og 2. kandidat Buskerud Venstre
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**