Få fart på Radøy med meir næringsutvikling

Bård Mangerøy

Over tid har ikkje næringsutvikling vore eit felt som har vore prioritert som ei kommunal oppgåve i Radøy kommune. Samstundes er Radøy ein relativt næringssvak kommune, mellom anna dokumentert i NHO sitt næringsNM for norske kommunar i 2015 der Radøy vart rangert på 321 plass. Er det ein samanheng?

Eg trur det er svært sannsynleg. Iallfall har ein ikkje nytte moglegheitene. I distriktskommunar kan strategisk næringutviklingsarbeid vere avgjerande for å bidra til vidare utvikling av bedrifter, og det bør ein gjere også i Radøy. Få på plass ei stilling knytt til nærings- og samfunnsutvikling, og lag ein plan med tiltak som det vert jobba målretta etter er Radøy Venstre si oppskrift. Jobb nr. 1 er å få på plass den stillinga som vart kjempa inn i budsjettet for 2015. Vedkommande må ha tett dialog med næringsaktørar for å fremje næringsutvikling, og marknadsføre kommunen som ein attraktiv stad å etablere bedrifter. Då må ein ha noko å tilby. Radøy har, slik eg ser det, store moglegheiter innan tre forskjellige område.

For det første når det gjeld tyngre, meir arealkrevjande verksemd. Her har kommunen bidratt til å leggje til rette eit stort næringsområde på Olsvollstranda, som må vidareutviklast, og positivt er det med RadøyGruppen sitt kjøp av Jotun-tomta, men det nå gjerast meir. Kommunen må også vere ein medspelar for bedriftene i Bø-området, og hjelpe dei av dei som slit med å få reguleringsplanane sine gjennom. Dessutan ynskjer Radøy Venstre å få vurdert utlegging av eit industriområde knytt til ei ny bru over Bognostraumen.

Det bringer over på neste moglegheit: Manger sentrum. Med ny veg på vestsida av Radøy, vidare i bru over Bognostraumen, og så enten sørover til Bergen eller vestover til Askøy og Øygarden. Eit slikt kommunikasjonssystem vil bety at Manger vil gå frå å vere ein avstikkar til å liggje svært sentralt plassert i Nordhordland. Dette vil bety ein avgjerande forskjell, til dømes når det gjeld etablering av kompetansearbeidsplassar relatert til dei store industriområda på Askøy/Øygarden og Mongstad: Manger vil liggje midt mellom i smørauga. Kombinert med reisetid til Bergen på om lag 30 minutt vil dette vere ei fantastisk utviklingskraft for Manger, og for så vidt også for Bø-området.

Vidare er det eit potensiale knytt til reiselivsnæringa. Etter fleire år utan destinasjonsselskap, vert det no arbeidd for at Nordhordland skal verte ein del av Bergen reiselivslag. Samstundes vert det kjørt eit prosjekt på korleis kystområde i Hordaland kan utløyse vekst i reiselivsnæringa. Det er ikkje tvil om at det ein har å tilby av natur- og kulturopplevingar i Nordhordland er underkommunisert, og me ligg ikkje langt frå turistmaskinen Bergen. Her vil reiselivsnæringa få betydeleg drahjelp med moglegheiter for vekst og utvikling.

I Radøy handlar det om å få etablert ein positiv utviklingskultur kombinert med målretta strategisk arbeid. Då kan me få fart på Radøy!

 

Frode Hervik,

Ordførarkandidat, Radøy venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**