Venstre ønskjer ein meir demokratisk kommune!

Foto: Frédéric Larsen

Voss Venstre har trua på desentralisering av makt og eit sterkt folkestyre. Heilt sidan etableringa av Venstre i 1884 har Venstre vore skeptisk til særinteresser og ulike formar for sementering av makt hjå få.

Dette er politiske prinsipp me meiner også høyrer heime i lokalpolitikken. Dei folkevalde skal styra. For å styra er det ein føresetnad å ha reell medverknad i prosessar.

Etter Venstre sitt syn har dei folkevalde sjølv delegert for mykje makt til administrasjonen, og det har skjedd imot parti som t.d. Høgre og Venstre, som har hatt eigne framlegg til delegerings- og økonomireglement.
Dette er ei utvikling Voss Venstre ønskjer å snu. Dei folkevalde sit med det formelle ansvaret for politikken som vert utført, og må også ha tettare kjennskap og moglegheiter til oppfølging i dei administrative prosessane. Slik kan me skapa eit opnare demokratisk landskap og revitalisera folkestyret.

Voss Venstre ønskjer òg rådmann og kommunalsjefar i åremålsstillingar. Ikkje fordi me mistrur dei som ønskjer desse stillingane, men fordi kommunalsjefar og rådmenn har mykje makt innanfor formannskapsmodellen. Som prinsipp er det problematisk. Over tid bidrar dette til å sementera makt hjå nokre ganske få i ein organisasjon som etter organisasjonskartet skal ha kommunestyret som øvste organ. I motsetnad til dei folkevalde, står ikkje administrasjonen på val. Folkevalde vert valde kvart fjerde år, mens den øvste leiinga i kommunen kan ha stillingar på åremål seks år i slengen jf. kommunelova.

Venstre ønskjer å gå inn for ei slik ordning, samt styrkja folkestyret gjennom meir makt til dei folkevalde gjennom revisjon av delegerings- og økonomireglementet. Me meiner dette vil skapa ein betre balanse mellom folkevalde og administrasjonen, og at det vil kunna leggja ein viktig grunnstein for eit vitalt, opent og meir demokratisk lokalsamfunn!

Godt val!
Beste helsing
Anne-Jorunn Ryum Møen, andrekandidat, Voss Venstre
Jorunn Ytrefjord, ordførarkandidat, Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**