Framlegget til statsbudsjett for 2016

Statsbudsjettet Framlegget til statsbudsjett for 2016 vart lagt fram den 07.10.15.

Generelt ber framlegget preg av eit inntektssystem som er meir basert på folketal enn reelle kostnadsdrivarar og som favoriserer større folkerike kommunar . Kommunane i Sogn og Fjordane får ei dårlegare inntektsutvikling enn landsgjennomsnittet (3,8 % nominell auke i frie inntekter mot 4,3 %).

Forhold som bidreg til utfordringane for mindre kommunar/kommunar med økonomiske vanskar er:

  • Småkommunetilskotet er vidareført på dagens nivå (dvs ikkje pris- og lønsjustert)
  • Ramma for skjønstilskotet er vidareført med nominelt same beløp (dvs ikkje pris- og lønsjustert)
  • Innslagspunktet for tilskotet til ressurskrevjande brukarar er auka med 10 000 kr utover pris- og lønsveksten
  • Grensa for å få vektstilskot er senka og satsen pr innbyggjar auka – alle kommunane er med på å finansiere dette
  • Stimuleringstilskotet for auka sysselsetting er fastsett som eit beløp pr innbyggjar

Så noterer vi oss at skatteinnkrevjinga igjen er føresett overført til staten.

Balestrand kommune får ein vekst lik fylkesgjennomsnittet (3,8 %). Kommunen kunne ha kome verre ut, og grunnen til at det ikkje er så ille, er nok at det ikkje har vore nokon vesentleg nedgang i folketalet i det siste.

Når veksten i nominelle inntekter er 3,8 % og pris- og lønsveksten er berekna til 2,7 %, gir dette i utgangspunktet ein reell inntektsauke.

Men som kjent har kommunen sine utfordringar, og veksten i dei frie inntektene skal dekke utgiftene med nytt kommunalt døgntilbod for øyeblikkeleg hjelp (interkommunal ordning), ei auka satsing på rusområdet, ei styrking av skulehelse- og helsestasjonstenesta og fleksibelt barnehageopptak. Det siste har vel kommunen også i dag. Vidare skal midlane dekke ein ekstra time i naturfag på 5.-7. årstrinn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**