Velkommen til Venstresamling for folkevalte og tillitsvalte

Foto www.bjoren.no
Revsnes har utsikt til Byglandsfjorden og Bjoren.
Revsnes har utsikt til Byglandsfjorden og Bjoren.

Laurdag 31. oktober kl 1000-1800 møtest vi på Revsnes Hotell, Byglandsfjord.

Vi inviterer til inspirasjonssamling på Revsnes hotell, Byglandfjord, laurdag 31. oktober kl 1000-1800.

Agder Venstre spanderer mat og materiell, lokallag/deltakarane tar seg av reiseutgiftene.

Påmeldingsfrist er førstkomande fredag 23. oktober kl 1800 til [email protected].

Detaljprogrammet er nesten klart, oig vil blant anna innehalde:

Å vere folkevalt – med fleire folkevalte som innleiarar

Budsjettarbeid i kommunestyret – ved varaordførar Per Olav Skutle, Lindesnes

Arbeidet i planutval/kommuneplanutval/teknisk/areal/byutvikling (forskjellige namn i forskjellige kommunar) – ved Solveig Nilsen, Kristiansand og Petter Toldnæs, Lillesand

Arbeidet i oppvekstutval/skoleutval – innleiar ikkje klar ennå

Arbeidet i helse. og omsorgskomitear/utval – tidlegare nestleiar i hels-e og omsorgskomiteen i Arendal, Jan Kløvstad

Effektivt lynkurs i å oppdatere heimesida og bruk av facebooksider, for eksempel endre frå presentasjon av listekandidat til kommunestyremedlem…. – ved opplæringsutvalet i Agder Venstre og varaordførar June Marcussen, Tvedesdtrand.

Vi har passord for kvart lokallag, så alle kan vere trygge på å få hjelp der og da.
Det blir noe å bite i når vi kjem, varmt måltid midt på dagen og på ettermiddagen.

Alle deltakarar får “koke/oppskriftshefte” om arbeidet med lokale miljøsaker og barnehage/skolesaker, heftet Venstres lille grønne, hefte med reglement om kommunestyrearbeid og ein pen miljøvennleg bærepose med Venstrelogo på.

Og viktigast av alt: Vi blir kjente med kvarandre og saman blir vi enda betre som folkevalte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**