Årsmøte for Sogndal Venstre 2016

Foto: Alfred Bjørlo

Stad: Kommunehuset i Sogndal

Tid: 25. januar kl. 19.00

Frammøtte: 7 medlem

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Møtet starta felles med Luster Venstre. Ordførar i Eid og mangeårig Venstre-profil, Alfred Bjørlo, orienterte om store og små saker på regionalt og nasjonalt plan. Mange fekk høve til å stille spørsmål, og tema strekte seg frå grønt skifte og gode høve for ny vekst i Sogn og Fjordane, til flyktningekrisa, Fjord-1, kommunereform, Venstre som sosialliberalt parti med fokus på t.d. barnefattigdom. Det var og ein god diskusjon kring HiSF og fordelar/ulemper ved fusjon eller aleinegong.


Knaken Kafe hadde laga gode, heimelaga rundstykke.

Årsmøtereferat

a) Merknad til innkallinga: Ingen merknadar
b) Merknad til sakslista: Ingen merknadar
c) Val av møteleiar: Forslag om Hans Haugen. Samrøystes vedteke
d) Val av referent: Forslag om Maria Knagenhjelm. Samrøystes vedteke
e) Val av to medlem til å underskrive møteboka: Forslag om Eyvind Øgar og Christen Knagenhjelm. Samrøystes vedteke

Årsmelding med rapport frå gruppeleiar
Årsrapporten og rapporten frå gruppeleiar Eva Ramstad vart delt ut til alle frammøtte. Rapporten frå gruppeleiar vart lest opp og godkjent med følgjande endringar: I niande avsnitt skal det stå: «Venstre fremja framlegg om eit punkt i ‘ti på topp’ som omhandla kultur (…)» I tiande avsnitt skal ordet ‘etterretning’ bytast ut med ‘orientering’. Årsrapporten vart godkjent med følgjande endringar under oppsummeringa på siste side: «Marianne Øren var i Sogndal og bidrog til valkampen minst to gonger. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn var med på valkampstand både i Sogndal, Kaupanger, samt i Luster.»

Rekneskap
Rekneskapet til Sogndal Venstre vart godkjent av årsmøtet. Leiar gikk gjennom og leste opp alle punkta, sidan det var ein litt uklår kopi. Men alle hadde fått rekneskapet også via e-post som var fullt lesbart. Sogndal Venstre har kr 18 721,- på konto.

Vedtekter
Utsett til årsmøtet 2017.

Kontingent
Årsmøtet vedtok at medlemskontingenten for 2016 for Sogndal Venstre sine medlem skal vere kr 390,-. Dette føl den nasjonale «standarden».

Val
Disse var på val og vart samrøystes valt av årsmøtet til å inneha verv i Sogndal Venstre (vi gratulerer):

Styret: Hans I Haugen (leiar)
Eyvind Øgar (styremedlem)

Vara til styret: Ingun Torstad Løvik
Jo Marius Bøyum
Torbjørn Dale

Valnemnd: Halvor Gregusson
Christen Knagenhjelm
Jo Marius Bøyum
Merete Holm Wikan (vara)

Revisorar: Nils Tore Opheim
Jon Farestveit

Utsendingar til fylkesårsmøtet i Førde: Maria Knagenhjelm (ein dag), Christen Knagenhjelm, Else Mundal og Merete Holm Wikan som vara.

Politiske fråsegner
Følgjande fråsegn vart vedteke med nokre små endringar: 1. Økonomiplanarbeid betre opplyst. 2. Sakspapir ut tidlegare. 3. Forslag om ni repr. i formannskapet i staden for sju 4. Gravlundbygg på Kaupanger. 5. Næringsutvikling på Kaupanger. Desse fem resolusjonane, samt ein om forsvarsmusikken kom frå Christen Knagenhjelm. Ein resolusjon om HiSF gjeldande fusjon vart også vedteken.

VO-utval
Framlegg om at styret fungerer som VO-utval. Samrøystes vedteke.

Val av to utsendingar til fylkesårsmøtet i Førde
Maria Knagenhjelm (ein dag) og Christen Knagenhjelm (begge dagar). Else Mundal og Merete Holm Vikan er vara.

Fråsegn til fylkesårsmøtet.
Både fråsegnet om HiSF og om forsvarsmusikken skal sendast inn til fylkesårsmøtet.

Kaupanger, 26.01.15
Maria Knagenhjelm, ref.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**