Bind Vestlandet og Austlandet saman med RV 52 – traseen for heile Nordvestlandet

Fylkesleiar og fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang
Foto: Vidar Helle

 

Sogn og Fjordane Venstre vil kjempe for at den andre prioriterte fjellovergangen aust-vest, etter val av E134 som den første, må vere RV 52 Hemsedalsfjellet. Dette er den løysinga som tener flest mogleg og femner breiast på Nordvestlandet. Kombinasjonen av E134 Haukeli og RV 52 er den beste komplimentære løysinga for trafikken mellom Vestlandet og Austlandet. I tillegg har vi Bergensbana som på ein miljømessig god måte gjev tilgang til Hardangervidda og gode opplevingar der.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

I valet av ein slik hovudtrase må omsynet til regionale og nasjonale interesser vege tyngre enn omsynet til lokale interesser. Omsynet til tungtransport og eit næringsliv på heile Vestlandet, må vege tyngre enn omsynet til privatbilistar som skal på helgetur.

 

Argumenta er mange:

  • Statens vegvesen si faglege tilråding er E134 Haukelifjell og Rv. 52 Hemsedalsfjellet
  • NHO Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal går for RV 52. Det same gjere NHO nasjonalt.
  • LO, og Norges Lastebileierforbund vil ha RV 52
  • 52 har klart best vinterregularitet. Utbygging av tunnel frå Borlaug mot Hemsedal vil gje ein nesten heilt vintersikker veg
  • Kombinasjonen av E134 og Rv.52 gjev to effektive aust-vest samband frå Stavanger i sør til Ålesund i nord.
  • 52 er den mest trafikkerte av alle fjellovergangar som vert brukt til og frå Bergen (Oslo Economics Report nummer 2014-3, utarbeidet for Opplysningsrådet for Veitrafikken)
  • 52 Hemsedalsfjellet kan medføre reduserte samfunnsøkonomiske transportkostnadar på inntil 31 mrd.kr, det er desidert mest av alle alternative fjellovergangar(Oslo Economics Report nummer 2014-3, utarbeidd for Opplysningsrådet for Veitrafikken)
  • Utbygging av tunnel frå Borlaug mot Hemsedal vil resultere i ein nesten heilt vintersikker veg over fjellet med god regularitet og rimelige stigningar (Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet, Statens vegvesen januar 2015).

 

Sogn og Fjordane Venstre forventar at regjeringa i dette trasevalet legg vekt på dei faglege tilrådingane, og kva både næringslivet og transportbransjen ynskjer. Det betyr å velje den løysinga som tener heile Vestlandet.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**