Politiets senter for lønn og regnskap til Kristiansund

Steinar Husby

Møre og Romsdal Venstre støtter at Senter for lønn og regnskap i politiet legges til Kristiansund. Uttalelse om flere statlige arbeidsplasser ble vedtatt på årsmøtet 14.februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Uttalelse vedtatt på årsmøtet 2016 i Møre og Romsdal Venstre:

Fleire statlege arbeidsplassar til Møre og Romsdal

Politiets fellestenestar er inne i ein endringsprosess. Senter for løn og rekneskap i politiet skal samlast til ei eining. Kristiansund er eit høgst aktuelt sted for lokalisering for dette som kan inneber omlag 140 statlege arbeidsplassar. Møre og Romsdal Venstre vil støtte ei plassering av denne delen av fellestenesta til Kristiansund.

Møre og Romsdal Venstre krev at statlege arbeidsplassar vert flytta ut frå Oslo til fylket vårt. Vi meiner prinsipielt at statlege arbeidsplassar bør vere plasserte kring om i landet,
og at det er på tide at Møre og Romsdal får mange fleire av desse.

Flyttinga av Kystverket til Møre og Romsdal har synt seg å vere særs vellukka både med omsyn til brukarane og i rekrutteringssamanheng, trass i alle åtvaringane frå tilsette i Kystverket på førehand.

Vi vil ha tildelt fleire statlege institusjonar som relaterer seg til geografien vår, men også institusjonar som ikkje er avhengig av geografi eller fag.

Fylket vårt har prosentvis få statlege arbeidsplassar. Vi er nesten på botn av alle fylka på statistikken over årsverk innan statsforvaltinga. Vi veit at dette er arbeidsplassar som er attraktive for godt utdanna kvinner og menn. Fleire statlege arbeidsplassar ville vere eit svært godt supplement til det mannsdominerte næringslivet vårt.

Møre og Romsdal Venstre meiner at:

-Fleire statlege arbeidsplassar må flyttast til Møre og Romsdal
-Lokalisering av politiet sitt senter for løn og rekneskap til Kristiansund vil byggje godt opp under den vedtekne regional- og distriktspolitikken til regjeringa

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**