Fylkesårsmøte i godt driv

Steinar Husby

Delegatar og observatørar frå heile fylket var samla på Quality Hotel Ulstein i helga 13.-14. februar.

Stortingsrepresentant Pål Farstad
Pål Farstad talar til fylkesårsmøtet.

Avtroppande fylkesleiar Ragnhild Helseth opna møtet medan Annika Brandal ynskja alle velkomne til Ulsteinvik.

Deretter innleia stortingsrepresentant Pål Farstad til generell politisk debatt. Farstad trekte mellom anna fram dei gjennomslaga Venstre har sikra på Stortinget som til dømes grønt skatteskifte, 11 månadars studiestøtte, gratis kjernetid i barnehage, SPU (“oljefondet”) ut av kol, grundersatsing og nye arbeidsplassar.

Årsmøtet vart òg ynskt velkomen av ordførar Knut Erik Engh som gav delegatane ein smak av Ulstein. Etterpå delte delegatane seg inn i fire grupper for å drøfte årets landsmøtetema “barn, unge og oppvekst”. Les meir om dette her.

Tl middagen var bandet “frid og glede” med på skape ekstra god stemning med sine kulturelle innslag, derav Venstre-songen skapte spesielt stor begeistring hjå tilhøyrarane. Med både loddtrekning og takketalar på plakaten vart dette ein særs minnerik kveld.

På søndagen vedtok fylkesårsmøtet tre resolusjonar:

Fra v.: Kristian Stråmyr, Eli Skaatun (VK), Ola Betten (leder), Hannelore Måseide, Heidi Hogset og Toivo Brennløkken (nestleder).
Det nye fylkesstyret for 2016.

Nytt fylkesstyre vart samrøystes vald med Ola Betten (Molde) som ny fylkesleiar, Toivo Brennløkken (Kristiansund) som nestleiar, Heidi Hogset (Gjemnes) som kasserar, Hannelore Måseide (Ulstein) og Kristian Stråmyr (Haram) som styremedlemmar. I tillegg tiltrer leiar for Venstrekvinnelaget Eli Skaatun og leiar for Møre og Romsdal Unge Venstre Nora Waagbø fylkesstyret. Varamedlemmar blei Tove Norøm Rokstad (Smøla), Pål M. Grødal (Ulstein), Fride Sortehaug (Volda) og Steinar Husby (Sunndal).

Delegatar til landsmøtet 2016:

  1. Pål Farstad, Kristiansund -Stortingsrepresentant
  2. Gunn Berit Gjerde, Hareid -Fylkesvaraordførar
  3. Ola Betten, Molde -Fylkesleiar
  4. Lena Landsverk Sande, Vanylven -Ordførar
  5. Ragnhild Helseth, Kristiansund -Varaordførar
  6. Frits Inge Godø, Midsund -Varaordførar
  7. Fride Sortehaug, Volda -Varaordførar
  8. Britt Giske, Giske -Varaordførar
  9. Pål M. Grødal, Ulstein -Kommunestyremedlem
  10. Steffen Falkevik, Ålesund -Lokal- og fylkespolitikar
  11. Amalie Ringdal Birkhol, Stranda -Lokalpolitikar/UV
  12. Eli Skaatun, Ulstein -Venstrekvinnelaget

I tillegg vart Kristian Stråmyr, fylkesstyremedlem (Haram) og Lars-Ove Seljebø, lokallagsleiar (Ålesund) vald til observatørar på landsmøtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**