Både heime og ute

Foto: Unge Venstre

Det må leggjast stor vekt på tiltak for mindre bilbruk og bilbruk som ikkje forurensar, skreiv gruppeleiar Jorunn Ytrefjord og lokallagsleiar Torstein Gunnarson i gårsdagens utgåve av avisa “Hordaland”. Her kan du lesa heile innlegget:

Klima og energi er nøkkelord for å kunna forstå og påverka samfunnsutviklinga, både her i Voss og på verdsbasis. Det planlagte arbeidet med ajourføring av kommunen sin klima- og energiplan vert derfor svært viktig!

Vossautfordringane kjem både frå det nasjonale og globale arbeidet for å redusera CO-utslepp (Paris-møtet), og gjennom utvikling av ei godt lokalt miljø i ein periode med sannsynleg sterkt vekst i folketalet.

Energi- og klimaplanen må ha klare ambisjonar for korleis både innbyggjarar flest, næringsliv og kommunen som offentleg verksemd kan greia å gjera vesentlege grep framover.

Transportsektoren er ein av dei store utfordringane for å få ned utsleppa. Det må leggjast stor vekt på tiltak for mindre bilbruk og bilbruk som ikkje forurensar. Dvs. igjen at det må koma fleire ladepunkt for el- og hybridbilar, bildeleordningar må stimulerast, og gode og sikre plassar for sykkelparkering – særleg i tilknyting til jernbanestasjonar og busstopp – må etablerast. Og – eit levande folkeliv er avgjerande for eit triveleg og attraktiv sentrum!
Vidare meiner Venstre det er viktig å vurdera korleis me kan stimulera innbyggjarar og næringsliv til å satsa på energieffektive bygg, og korleis også offentlege bygg kan verta meir energieffektive. Her kan Hordaland Bioenergi si satsing på nytt biobrenselanlegg for fjernevarme på Vangen vera ei av fleire spennande moglegheiter for ei meir miljøvenleg tettstadsutvikling.

Gjennom kommunale innkjøp kan ein sikra at kommunen nyttar moglegheitene sine til å kjøpa produkt og tenester som er miljøvenlege og berekraftige.

Voss Venstre vonar mange vil delta aktivt ved rulleringa av den kommunale energi- og klimaplanen! Mange gode innspel er alt komne gjennom lesarinnlegg i vinter frå engasjerte 10.klassingar!

Mvh.

Jorunn Ytrefjord og Torstein Gunnarson, Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**