Alfred Bjørlo sin tale Venstres landsmøte 2016

Venstre LM Alfred Bjørlo Foto: Jo Straube, Jo Straube



Vi lever i ei spesiell tid. På nokre område kjem vinteren. På andre område kjem våren.

I år opnar det som blir Europas største grøne datasenter i Nordfjord. Venstre har leia an. Vi har fått politiske gjennomslag som skaper ny næring, kuttar klimautslepp og gjev folk jobb.

Neste år opnar Nord-Europas største biodrivstoff-fabrikk på Skogn.

Venstre har leia an. Vi har fått politiske gjennomslag som skaper ny næring, kuttar klimautslepp og gjev folk jobb.

Om to år kjem verdas første fossilfrie store ferjesamband i Sogn og Fjordane, med nyutvikla teknologi frå norsk maritim næring. Venstre har leia an. Vi har fått politiske gjennomslag som skaper ny næring, kuttar klimautslepp og gjev folk jobb.

Kjære landsmøte. Politikk er å ville. Skal vi løyse klimakrisa, skal vi skape morgondagens jobbar, skal vi skape vekst over heile landet, så er ikkje stillstand løysinga. Vi må syne veg. Vi må ikkje vere redd for endring.

Alfred Bjørlo
Ordfører i Eid, Alfred Bjørlo (V)

Eg er stolt over å vere med i eit parti som tør å endre verda. Med ein offensiv klimapolitikk. Med å satse på kunnskap og forsking. Med skattelette for gründerar, grøne bedrifter og arbeidsplassar. Med større kommuner, tilpassa folk sine liv i 2015, ikkje på 1960-talet.

Kjære landsmøte: Ja – norske byar treng Venstre. Men norske distrikt treng også Venstre! Distrikta treng ikkje passive adminstrasjonsparti som Høgre og Ap. Og for alle høgare makters skuld ikkje museumsvoktarane i Senterpartiet. Senterpartiet kan kanskje drepe ulven, men dei kan ikkje føde framtida for norske distrikt.

Men på eitt viktig punkt har vi enno ikkje levert. For snart to år sidan fekk Venstre gjennomslag på Stortinget for utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo. For å desentralisere makt – for å skape varierte, robuste arbeidsmarknader i heile landet. For å skape vekstkrafta, mangfaldet av arbeidsplassar regionane treng for å ta ut alle dei nye næringspotensiala.

Sidan det har ingenting skjedd. Den blåblå regjeringa sit stille.

No er mitt tålmod slutt. 2016 er siste frist. No må utflyttinga av statlege arbeidsplassar faktisk skje! Slik Stortinget har vedtatt. No må vi manne oss opp, kvinne oss opp, ja, om nødvendig f109eb2d-49ca-4b15-908f-12b5ace8a972 transpersone oss opp for å gå frå ord til handling i utflytting av statlege arbeidsplassar.

 

Landsmøte, eg er stolt over å vere i eit parti som ikkje møter framtida med frykt, men med glød og vilje til å skape ei betre verd. Valet i 2017 handlar ikkje om Ap eller Høgre – det er same shit, new wrapping. Valet i 2017 handlar om eit sterkt Venstre og ei grøn framtid der folk kan leve sine liv som dei vil – over heile landet.

Kort sagt: Framtida er liberal!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**