Uttalelse: Venstre vil slå ring kring det europeiske samarbeidet

Foto: Dreamstime.com

Etter det samanbrotet av sivilisasjonar som den 2. verdskrig var, blei menneskerettskonvensjonane skapt for å sikre individuelle rettar og sivilisasjon i Europa. I dette byggverket fekk me EMK, domstolen i Strasbourg, Europarådet, skipinga av EU, OSSE og Helsingforskomiteen i 1975 om menneskerettar og sikre grenser. På ulik vis er desse felles europeiske institusjonane avgjerande for å beskytte alle europearar, men kanskje særleg minoritetar mot ei illiberal utvikling innanfor mange av dei europeiske statane. Utan desse institusjonane risikerer vi at Europa igjen byggjer murar mellom folk, og at verdiar og eit overnasjonalt samhald vi er stolte av, forvitrar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Europa og EU står overfor den største krisa i det europeiske samarbeidet si historie. Dei siste års økonomiske krisar har allereie tært på Europa, og no slit samarbeidet tungt med å handtere flyktningkrisa, samstundes som sterke krefter i Storbritannia jobbar for «Brexit». Kontinentet vårt er under åtak av terroristar frå IS. Framandfrykt og nasjonalisme er meir utbreidd og uttalt enn på lenge, og høgrenasjonalistiske, anti-europeiske parti er på frammarsj i gamle og nye medlemsland.

Venstre meiner at det er viktigare enn nokon gong å støtte opp om eit forpliktande samarbeid på tvers av landegrenser i Europa, fordi håpet om ei løysing på mange av Europas og nokre av verdas store, grenseoverskridande utfordringar ligg i dette samarbeidet. Europa si framtid er også vår sak. Difor må vi i Noreg snakke om korleis vi kan bidra i det europeiske samarbeidet.

For Venstre er det europeiske samarbeidet noko langt meir enn den frihandelssona Storbritannias konservative statsminister David Cameron ønskjer seg. EU er ein arena for økonomisk og politisk samspel og for freds- og demokratibygging over landegrensene i Europa. Men EU-samarbeidet er også eit verdifellesskap og eit samarbeid til vern for humanisme, rettsstat og demokrati, og for liberale verdiar som rørslefridom, ytringsfridom, religionsfridom, likestilling, likeverd og vern av minoritetar. Den aukande nasjonalismen undergravar det europeiske verdifellesskapet og dermed Europas politiske stabilitet. Minoritetsgrupper opplever trakassering og diskriminering i mange land, og grunnleggjande menneskerettar blir broten dagleg. Høgrepopulistiske styresmakter strammar grepet om den frie pressa og om uavhengige domstolar i for eksempel Ungarn og Polen. Mykje står på spel dersom samarbeidet i Europa bryt saman.

Om Schengen-systemet kollapsar, vil det kunne skape uhandterlege problem både økonomisk og menneskeleg. Om britane stemmer nei til EU ved folkerøystinga i juni, kan det bety slutten for det europeiske samarbeidet slik vi kjenner det. Noreg er ikkje tent med «Brexit», heller ikkje av tryggleikspolitiske grunnar.
Venstre ønskjer eit Europa med eit stabilt og sterkt EU, uavhengig av spørsmålet om norsk medlemskap. Vi meiner at EU er ein sentral arena for å nå ambisiøse miljø- og klimamål, for å handtere internasjonale utfordringar og for å skape eit europeisk fellesskap på tvers av språk, religion og nasjonalitet som tek vare på verdiar vi er stolte av. Den grunnleggjande tanken, som handlar om eit Europa som er bunden saman gjennom avtalar og institusjonar og som gjer det umogeleg å gå til krig mot kvarandre, er framleis gyldig.

Venstre vil:

  • Invitere til ein open debatt om kva slags samarbeid i Europa vi ønskjer oss og korleis det kan vidareutviklast, uavhengig av spørsmålet om norsk EU-medlemskap.
  • At Noreg aukar bidraga sine til Europas felles grensekontrollbyrå Frontex og til felles politi- og tryggingssamarbeid.
  • At Noreg bidrar aktivt til å løyse dei akutte utfordringane rundt flyktningsituasjonen i Europa, at den nasjonale grensekontrollen blir reversert og at Schengen-samarbeidet blir styrkt.
  • Be norske politikarar både i posisjon og opposisjon om å hegne om det europeiske samarbeidet.
  • Oppmode regjeringa til å bruke dei høva ho har for å fremje europeisk samarbeid.
  • Framskunde forhandlingane med EU med omsyn til samarbeidet om 40 prosent klimakutt innan 2030 og leggje dette samarbeidet inn under EØS-avtalen i staden for å forhandle om ein bilateral avtale.

Uttalelsen ble vedtatt på Venstres landsmøte 17. april 2016

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**