Storarta landsmøte i Tønsberg

Bak f.v. Britt G. Andersen, Steffen Falkevik, Ola Betten, Kristian Stråmyr, Pål M. Grødahl og Pål Farstad. Framme f.v. Tove N. Rokstad, Ragnhild Helseth, Heidi Hogset, Astrid Ulvestad og Amalie R. Birkhol.
Møre og Romsdal Venstre delegasjon 2016, Jo Straube

Møre og Romsdal Venstre stilte sterkt på landsmøtet i Tønsberg 15.-17. april.

Pål Grødahl-01 Etter musikk, konstituering og talar til landsmøtet var det duka for generell politisk debatt. Pål M. Grødahl var først ut for Møre og Romsdal. –Som politikar frå Ulstein, der 70 % av verdiane kjem frå maritim næring, er eg glad for at Venstre har greidd å skape den beste maritime politikken for klima, miljø og næring, sa Grødahl. Han etterlyste vidare ei satsing på maritim utdanning og styrking av dei mindre fagskulane. Grødahl vart seinare vald til 1. vara i Venstre sitt landsstyre.

Deretter haldt Lena Landsverk eit innlegg om skulepolitikk. -Venstre skal ta igjen trona som lærarpartiet, sa Landsverk til stor applaus frå salen. Ho ynskja meir pedagogikk i lærarutdanninga, mindre teori i skulen og kompetanseheving utan «avskilting» av lærarar.

På laurdagen var delegasjonen inndelt i tre ulike redaksjonskomitear der alle kunne vere med på å drøfte politiske uttalar, som blei teken opp til votering dagen etter. Her kan du lese dei vedtatte uttalane.

Neste år vert Venstre sitt landsmøte lagt til Ålesund, der stortingsvalprogrammet skal vedtakast.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**