Osterøy Venstre sitt standpunkt i kommunereformsaka

(Foto: Dreamstime.com)

Sidan før valet har Osterøy Venstre sagt at me er positive til kommunereforma, men på visse vilkår. Tenestenivå og lokaldemokratiske omsyn har stått særleg sentralt.

Å slå oss saman med Bergen kommune har ikkje vore vårt førsteval i kommunereforma. Me peikte tidleg på at me ønskte ein større kommune som inkluderte Arna. «Oster kommune» fekk me ikkje, og me står ovafor to svært ulike alternativ; Nye Bergen, eller Nye Osterøy. Eg kunne gjerne ha drøfta Sanner si reform, rekkefølgen i prosessen, økonomiske verkemiddel, sentralisering/ desentalisering og alle dei andre høgst relevante sidene ved kommunereforma. Men for Osterøy no, er saka ikkje lenger teoretisk. Det er ikkje lenger tid for kjølig distanse. Valet me står ovafor gjev konkrete konsekvensar for mange av oss; og sjølv det å «vente og sjå”, med uendra kommunegrenser, er eit val med store følgjer.

Det er fleire årsaker til at det å halda på dagens kommunegrenser har store konsekvensar. Osterøy har i fleire år dreve tenestene sine på sparebluss for å kome ut av ROBEK. Etter mange harde år har ein lukkast med dette, og det ser no lysare ut. Økonomien er likevel skjør. Dette er ikkje eit godt utgangspunkt når det nye inntektssystemet for kommunane allereie frå neste år av gjev kraftige kutt for kommunar som Osterøy; som er middels store og ligg i sentrale, folkerike område. I tillegg verkar andre reformprosessar inn. Dette inneber overføring av nye oppgåver – t.d. innan helsesektoren. Kor alvorleg dette er kjem tydeleg fram i Rådmannen sitt framlegg til økonomiplan dei neste fire åra. Det må kuttast i alle sektorane i kommunen vår, og dette skal ein kombinere med auke i talet på brukarar av tenestene og nye kostnadskrevjande oppgåver. Som om ikkje dette var nok, er me på etterskot med vedlikehald av offentlege bygg, me treng allereie no fleire vaksne i barnehagane, og me har svært lite fondsmidlar – for å nemna tre enkle ting i ei elles svært lang liste. Andelen av dei som er i arbeidsfør alder er på veg ned samanlikna med barn og eldre. Lånegjelda vår vil gå kraftig opp fordi kommunen veks og me treng skular og barnehagar. Ein må kunne seie at situasjonen er alvorleg når Rådmannen viser til at me frå neste år av vil ha mindre kapasitet og færre ressursar til å levere grunnleggande tenester. På grunn av den økonomiske situasjonen og forventninga om at ein kommune skal levere forsvarlege tenester, så tilrår Rådmannen at politikarane går inn for ei kommunesamanslåing.

Med bakgrunn i dette er det urovekkande at partia som ønskjer å behalda dagens kommunegrenser så langt ikkje har komme med forslag til korleis ein skal forhalde seg til gapet mellom inntekter og innbyggarane sine grunnleggande tenestebehov. Ein sit med eit inntrykk av at ein har ikkje teke inn over seg kva vår eigen fagadministrasjon har vist oss. I sist formannskapsmøte vart dette brakt fram som ei utfordring. Der var det semje om at dersom kommunen skal stå aleine, så krev det ein stor dugnad frå innbyggarane, og me må tenke kreativt. Noko meir konkret kom ikkje fram – og me veit heller ikkje om dugnad og kreativitet er tilstrekkeleg for å få dei kommunale hjula til å gå rundt. Eg trur at mange ostringar vil stille opp både i form av praktisk arbeid, lågare krav og auka eigedomsskatt. Eg trur og at me kan tenke nytt og annleis i tenestene våre. Men t.d. helseteknologi krev ei investering eg ikkje kan sjå det er rom for, og vil uansett først gje effekt over tid. Me skal sjølvsagt jobba langsiktig – men utfordringa vår er her og no. Me står i stram lenke, utan buffer. Rådmannen nemner effektivisierings- og stordriftsfordelar som truleg den einaste vegen å gå for å frigjere midlar som kan sikre eit tenestenivå som tilsvarer det Osterøy har i 2016. Denne type tiltak i drifta vil sjølvsagt merkast. Det vil krevja politikarar som tåler ein støyt, og som ser det store biletet meir enn enkeltsakene. Eigedomsskatten er oppe i debatten. Eit eventuelt utspel om denne får vere opp til dei partia som ikkje ønskjer samanslåing med andre kommunar.

Eg er einig i at Osterøy er av ein storleik som på sikt kunne ha klart seg som eigen kommune. Men kostnadene for innbyggarane dei neste 10-15 åra står ikkje i samsvar med det me vinn. Dei harde åra er ein heil barndom for nokon, ein heil alderdom for andre. Eg trur at mykje av det som me alle ønskjer å dyrke fram hos oss; eit særpreg, eit alternativ til Bergen, eit annleis liv på ei grøn øy, kan me dyrke fram i Oster bydel. Dei i heradstyret som er aktive i dag, vil me finne igjen i Oster bydelsstyre. Ambisjonane om særpreg kan jobbast vidare med – og sjølvsagt på nynorsk! Me misser korkje identitet eller kultur, og me har mykje å vinne på samordning – blant anna innan miljø/klima. Eg vel å ha tillit til prosessen vidare når det gjeld oppretting av bydelsstyrer i Bergen. Dette er eit sterkt ønskje i Bergen allerieie no – både på grasrotnivå og i dei politiske partia. Å ikkje ha tillit ligg ikkje for meg – og eit kvart demokratisk system vil til sjuande og sist bygge på tillit.

Eg vil stemme for at heradsstyret lyttar til dei faglege råda i saka, og går inn for kommunesamanslåing. Eg kan ikkje forsvara at me skal gå inn i ei framtid med mykje uvisse. Det må vere viktigare å verne om folk enn å verne om måten eit forvaltningsnivå er organisert.

Kjersti I. Vevatne

Heradsstyrerepresentant for Osterøy Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**