Presentasjon av Arild Heggland

Bustad: Holmefjord, Fusa
F.år: 1967

Eg har vore ein trufast venstreveljar ved samtlege val etter 1993. Ansvaret for dette kviler først og fremst på Lars Sponheim, det han stod for med frihet for individa og ein utrøtteleg kamp for dei små i næringslivet gav meg trua på at Venstre var mitt parti. Her er me ved kjernen av det eg likar å stå for, trua på mennesket som får og tar ansvar samt rettferdige spelereglar for alle. Dette er verdiar som me må verna om dersom me skal klara å ta vare på demokratiet. Demokratiet er ikkje i fare fordi me får mange nye innbyggjarar i Norge, demokratiet er i fare når nokon sett seg sjølv over andre og spelereglane ikkje lenger er dei same for alle.

Arild Heggland, Fusa
Arild Heggland, Fusa

Eg er utdanna innan akvakultur og eg blir svært engasjert når det gjeld korleis me kan utnytte heile kysten vår til framtidig berekraftig industri og matproduksjon. Her snakkar me om fiskeri, oppdrett av kjente artar og nye artar og generell industri. Tenk på dei mulighetane som ligg i havet og i å utnytte ressursane i havet, tenk kva me kan skapa med å gjera dei rette vala for framtida. Som eit eksempel: Kven såg for seg at me kunne produsera fiskefôr av CO₂ for nokre år sidan, eller at det skulle haustas tare som biprodukt ved eit fiskeoppdrettsanlegg? Biprodukt frå fiske som tidlegare vart dumpa på havet er butikk i dag. Berre framtida har svaret men potensialet er enormt med vår lange, reine kystlinje. Då vil me og kunne vise turistar frå heile verda at me i tillegg til ein nydeleg natur og har ein fantastisk innovasjonsvilje og skaparkraft.

Eg har alltid vore samfunnsengasjert og er alvorleg uroa over kompliseringa av livet i Norge. Kva skal me med all kontrollen som me innfører? Er det eit mål i samfunnet at alt skal målast? Er rett skjema i rett perm eit prov på eit godt samfunn? Kvifor ikkje gje ansvar til enkeltmenneska? Me har i Norge i dag ein fantastisk mulighet til å gjera grep for ei betre og enklare framtid dersom me utnytter det potensialet som ligg i region- og kommunereforma. Då kan me aktivt bygga ned staten til fordel for lokaldemokratiet og me kan gjennom dette vitalisera demokratiet. Då må me ha tru på kvarandre og gje kvarandre tillit og ansvar.

Eg vil elles få oppsummera kort. Eg er oppteken av vegar, eg er vestlending! Eg er oppteken av økonomi- og skattepolitikk. Eg er oppteken av skule, helse, forbod, påbud, fartsgrenser, landbruk, fiskeri, fiskeoppdrett, naturvern, energipolitikk, sjøen som ferdselåre, kommunestruktur og det meste anna som skjer. I tillegg til, naturleg nok, vêret. Eg er klar til å ta ansvaret mitt, om eg får det, for å kjempa for at me og i framtida har eit levande velutvikla demokrati med varme og omsorg for kvarandre. Eg har ingen hemningar når det gjeld kven eg kan samarbeida med, men dei må vera til å stola på.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**