Eit nei til Bergen – og litt om vegen vidare

Votlo, Osterøy sett frå Ytre Arna i Bergen, Foto: Kjersti I. Vevatne

 

 

Den 22. juni 2016 vedtok heradsstyret i Osterøy kommune nei til kommunesamanslåing med Bergen kommune. Stemmene var 20 mot 7. Osterøy Venstre sin representant stemte for å bli del av Oster bydel. Det var ein god og reflektert debatt i salen, og ulike syn i saka kom godt fram. Venstre sitt innlegg finn du nedst.

I etterkant av møtet har debatten halde fram. No i juli har det komme signal om at Fylkesmannen ønskjer at Osterøy, Vaksdal og Samnanger vurderer å slå seg saman utan Bergen. For Osterøy Venstre har “Oster kommune” vore av interesse, men då må Arna vere med. Ein slik kommune er av dei fleste rekna som urealistisk. Me skulle likevel gjerne sett denne teoretiske kommunen hadde vore utgreidd. Dette er eit alternativ som ein del innbyggarar spør om, og som me i dag ikkje har sett nærare på.

Teksten under gjengjev innlegget som vår representant Vevatne hadde i heradsstyremøtet den 22. juni.


Eg skulle ha ønska at me i dag skulle stemma over Oster kommune. Av ulike årsaker så vart det ikkje slik.

For meg har det vore uaktuelt å stemme for at Osterøy blei del av dagens Bergen kommune. Det er det framleis. Men eg vil stemma for at Osterøy blir del av Oster bydel, og Nye Bergen kommune. Dette er sjølvsagt det gamle Bergen, men organisert på ein annan måte, med lokalpolitikarar, lokalkunnskap og ei understreking av at tenestene skal ligga der folk bur.

Det har komme mange ytringar i debatten, og eg ønskjer å svare på nokre av dei for å visa korleis eg tenkjer, og korleis eg har komme fram til eit klart ja til å bli del av noko større.

“Me må bestemma over oss sjøl, me må behalda Osterøy kommune”

Detta byggjer på ein grunntanke om at kommunen har makt i dag. Kommunane er det lågaste nivået i statsforvaltninga, og er i stor grad finansiert av staten. Dette er sjølvsagt eit lokalt sjølvstyre, og ein viktig del av demokratiet, men det er god grunn til å sjå nærare på innhaldet og rolla. Den reelle lokale styringsretten er svært låst på grunn av lovpålagde oppgåver og forpliktelsar som tek heile kommunebudsjettet. Me kan ikkje velje vekk. Me kan knapt nok prioritera. Gjer me “feil” vedtak – så blir det endra på av eit høgare forvaltningsnivå. Strengt tatt så er me ofte høyringspart i mange saker. Det kan gjerne framstå som om me vedtek noko, men det me i realiteten vedtek er kva kommunen meiner i ei sak som skal avgjerast på eit overordna nivå. Dette er viktig å ha med seg når det vert snakka om å “bestemme over seg sjølv”.

I tillegg kjem det manglande økonomiske handlingsrommet som Osterøy kommune har. Meir ressursar kunne ha gjort oss i stand til å vera kreative og skapa det ekstraordinære på Osterøy. Me har nå fått heilt tydeleg melding om at Osterøy kommune vil få enno lågare overføringar i framtida. Rådmannen sa for ei tid tilbake at ¨me er i ein kjip situasjon”. Eg set stor pris på at ein seier ting som dei er, utan vidare innpakking. Eg opplever dei siste års årsmeldingar som ærlige. Eg opplever saksutgreiinga som me har framfor oss i dag som ærlig, og me har ein fagrapport som i det store og heile fortel oss at det vil bli vanskelege tider innafor dagens kommunegrenser. Det er utrulig viktig at me ikkje pyntar på ting – enten me vil vil stå aleine, eller bli del av Nye Bergen. Me er i ein kjip situasjon, og så får me heller vere uenige om korleis me skal møta dette.

Me veit at oppgåvene kommunen skal gjere vil bli fleire til neste år. Omfanget av interkommunale tenester vil derfor bli større om grensene ikkje blir endra. Både SP og Krf er tydelege på at dette kan vere løysinga for Nye Osterøy. Det er eg jo heilt enig i; held me fram med uendra kommunegrenser, så må me satsa på interkommunale samarbeid. Noko anna val har me heller ikkje – for tenestene er (ofte med rette) pålagde av staten. Min påstand er at me då ser ei utvikling der me i realiteten sit igjen med mindre folkevalgt makt lokalt, enn om ein hadde hatt eit samla folkestyre i ei større eining som fekk diskutera desse tenestene.

Interkommunale tenester er svært ofte gode tenester. Men å legga opp til at me i framtida skal ha enno meir bruk av slikt samarbeid vil auke avstanden mellom folk, politikarar og tenester. Eg kan ikkje med min beste vilje sjå korleis nokon kan forstå dette som ei styrking av lokaldemokratiet og at ein på dette viset sikrar ein nærleik som er annleis enn om den same tenesten blei levert på samme måte innafor felles kommunegrenser.

Satt på spissen, så vert kommunereforma for meg eit spørsmål om me ønskjer å bli styrte av staten, eller av Bergen. Det er eit tankekors for meg at nokon argumenter med at ein trur ikkje Bergen kjem til å bruke pengar på Osterøy, men ein trur at me kan få staten til å prioritera oss høgare. Kvifor skulle dette vere meir sannsynleg? Innafor vårt eige Bergen ville me i det minste ha lokalpolitikarar med eit større handlingsrom enn Nye Osterøy vil ha.

Eg vil og stille spørsmål ved at mange vil hekte utviklinga i kommunenorge på Sanner – som om han aleine står for ein samfunnstrend som har vart i mange år, under fleire regjeringar. Og eg minner om foredraget me hadde i samband med samfunnsplanen og visjonar for framtida. Fagfolka sa at det var naivt å tru at det i nær framtid ikkje vert fleire oppgaver og mindre pengar overført frå staten til kommunane. No er oljealderen på hell og eldrebølga kjem snart – og dette er Stortinget klar over. Om ein vel å leve i håpet om at staten vil vere spandabel, så er dette ein risiko ein tek på vegne av innbyggarane i kommunen – og ein gjer det på tvers av alle faglege råd me har fått i denne saka. Mange andre kommunar har høve til å avventa. Dei har ein labb å suga på. Osterøy kommune har ikkje denne labben. Me er på veg til å reise oss etter Robek, men me er framleis i kneståande.

“Me får berre maks ein eller to ostringar inn i bystyret”

Dette er av fleire trekt fram som særs negativ – men kva betyr det? Ei side ved ytringa er at ho bygger på ein tanke om at ingen andre i heile Bergens rike enn ostringane kjeme til å sørgje for at Nye Bergen yter sine forpliktelsar på Osterøy. Men ytringa bygger og på ein tanke om at ostringar skal stå med hua i handa. Eg meiner at på grunn av vårt høge folketal og politisk erfaring, vil ostringar bli godt representert i Oster bydelsstyre. Etter mitt syn vil og den ambisiøse ha rimeleg sjanse til å bli representert i bystyret óg. Dette handlar ikkje om at ostringane skal samle seg om ein og same lokale kandidat frå Osterøy. Det handlar om at nokre av osterøypolitikarane kan kome høgt på partilistene, og dermed ha sjanse om å komme inn i bystyret. Kvifor skulle ikkje KrF vere interessert i ein tidligare ordførar? Kvifor skulle ikkje FrP syns det er bra å ha ein tidlegare varaordførar, som og sit i fylkesstyret? Kvifor har me tilsynelatande ikkje tru på våre eigne folk?

Eg meiner at Osterøy i det lange løp er best tent med politikar som er aktive og vil noko. Me treng dei som vil sloss for posisjonen og som er framoverlente. Eg kan skrive under på at i Osterøy kommune skal det svært lite til før ein er blitt både partileiar og førstekandidat – uten at det nokon gong har vore ein ambisjon. Det er fint på ein måte – men det gir ein tendens til at ein skapar lokalpolitikarar som er litt for tilbakelente. Altfor mange ser si rolle som nokså passive kontrollørar av administrasjonen.

Eg ønskjer å samla folkevalgt makt ei større eining, der me har våre eigne politikarar, både i Oster bydel OG i bystyret. Eg ønskje at me skal eiga tenestene våre sjølve og ha vår eigen fagkompetanse.

Når det gjeld det å sloss for lokaldemokratiet, så meiner eg at saka er langt, langt meir kompleks enn enkelte vil ha det til.

“Intensjonsavtalen er ikkje verdt papiret han er skriven på”

Dette trur eg er den raude tråden i kommunereforma her lokalt hos oss. Heile saka handlar til sjuande og sist om tillit, eller ikkje tillit. Har ein ikkje tillit, så hjelper det ikkje om ein har aldri så gode argument.

Eit kvart demokratisk system bygger på tillit. Alle vedtak kan gjerast om, og det gjeld i alle kommunar. Sjølv om me har bestemt at me skal ha fire barneskular i kommunen, så kan me vedta noko anna til neste år. Me kan vedta å stenge ned ei avdeling på sjukeheimen dersom økonomien tilseier at det er ingen annan utveg. Omgjering av vedtak gjeld alle kommunar – enten det er Bergen eller oss.

Historiene om bergenserane er mange, og eg betvile ikkje at dei er sanne. Men sjølv som kulturhistoriker så kan eg ikkje dra med meg gammalt grums inn i framtida. Nokre av desse historiene er over 40 år gamle. Eg likar ikkje fe-rister – enten dei finst mellom Valestrand og Hauge, eller om dei finst ved Osterøybrua. Eg reagerer negativt på argumentasjonen om “oss og dei” – som om me var eit anna folkeslag. Der eg ser likskap, så ser andre berre ulikskap.

Samtidig så veit me at tillit er ikkje noko ein berre kan skru av og på. Tillit må byggjast over tid, og er ei modning. Og med den korte prosessen som Osterøy har hatt i denne saka, så er det heilt forventa at heradsstyret stemmer for å behalde dagens grenser.

Til sist

Nokon har sagt at dei som stemmer for å slå seg saman med Bergen, gjer det fordi dei er redde. Det meiner eg er misforstått. Det handlar om å kalle ein spade for ein spade, og ta ansvar for ein kommune som ikkje har berekraft ut frå dei rammebetingelsane som nå kjem. Men det handlar og like mykje om å sjå sjansen me nå har til å skapa noko som er bra for Osterøy. Oster bydel oppstår ikkje utan oss. Den er vår! Me sit på nøkkelen, og ingen må tru at dette ikkje er av regional betydning. Og med dette har eg sagt litt om kva eg trur når det gjeld prosessen vidare i haust.

Osterøy har to viktige bidrag i kommunereforma:

  • Me er ei demokratisk vitamininnsprøyting for oppretting av Oster bydel, fordi me har et heradsstyre i dag. Me kjem til å få masse fokus, og me kjem rett inn i ein virvelvind av engasjement blant anna rundt store samferdselsprosjekt, avkjøyring til Osterøy og for alt eg veit – kanskje Vesetgjelet? Vår påverknad blir ein heilt annan enn det me har innafor dagens grenser. Og diskusjonane vil foregå, trur eg, blant anna i denne salen.
  • Og punkt to, som kanskje ikkje er det viktigaste, men er viktig for enkelte av oss; det er me som sørgjer for at den nye bydelen produserer tekst og informasjonsmateriell til 20 000 innbyggarar på nynorsk. Det er ME som skaper Bergen Aust og ikkje Bergen Øst. Dette ville vera ei styrking av nynorsken sin posisjon våre område.

Men dette var kva Osterøy kan bidra med – minst like viktig er kva me får tilbake.

  • Me får først og fremst tryggleik i tenestene våre – og det vil gjelda frå nyttår av. Det handlar ikkje nødvendigvis om meir kvalitet, men det å ha stabile tenester.
  • Me får ei bredde i tenestene som me ikkje greier å skape sjøl – og det vil vere utruleg viktig for mange svake grupper!
  • Og tenestene våre vil bli styrte av folkevalgte politikarar, der ansvar og påverknad er lett for alle å sjå.

Stem gjerne nei til alt dette, men gjer det fordi du har eit alternativ du har trua på. Stem ikkje nei fordi du vil “vente og sjå korleis det går”. Då får me ein kommune som sit avventande på gjerdet, og det vert vindstille. Enten du stemmer ja eller nei, så gjer det fordi du vil noko – og fordi du ønskjer å gje Osterøy retning.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**