Rotevatn på topp for Venstre

Foto: Sfj Venstre
På nominasjonsmøtet før stortingsvalet vedtok Sogn og Fjordane Venstre onsdag kveld å stille med Sveinung Rotevatn som førstekandidat, Gunhild Berge Stang som andrekandidat og Anne Mette Hjelle som tredjekandidat. – Sogn og Fjordane treng eit sterkt Venstre på Tinget, sa Rotevatn.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Venstre har i dag ni representantar på Stortinget. Ein av desse er Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid, og Rotevatn fekk fornya tillit frå fylkeslaget då Sogn og Fjordane Venstre var samla til nominasjonsmøte i Førde onsdag 31. august.
– Det har vore ei ære å representere fylket på Stortinget dei siste tre åra. Eg er motivert og klar for å halde fram innsatsen dersom veljarane vil gje meg fornya tillit neste haust, sa Rotevatn til nominasjonsmøtet.
Stortingsrepresentanten vart ikkje utfordra av andre kandidatar under møtet, og i takketalen sin la han vekt på dei store utfordringane landet vårt står overfor.
– Vi skal tilpasse velferdsstaten ei aldrande befolkning, vi skal integrere flyktningar på ein god måte og vi skal omstille oss frå ein oljeøkonomi til ein fornybarøkonomi. Då meiner eg vi treng Venstre sine liberale og grøne løysingar. Og for fylket sin del er det rett og slett heilt avgjerande med eit sterkt Venstre på Stortinget, sa Rotevatn.
Andreplassen på lista gjekk til Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang, som ved fleire høve har møtt på Stortinget som vararepresentant i inneverande periode. På tredjeplass nominerte fylkeslaget Anne Mette Hjelle frå Førde, som til dagleg arbeider som kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Sogn og Fjordane Venstre var representert på Stortinget ved Gunvald Ludvigsen frå 2005-2009, og ved Sveinung Rotevatn frå 2013-2017. Valresultatet i førre stortingsval var 6,3 prosent, noko som gjorde Sogn og Fjordane til det sterkaste venstrefylket etter Oslo.
Sogn og Fjordane Venstre si liste ved stortingsvalet 2017:
1. Sveinung Rotevatn, Eid (1987)
2. Gunhild Berge Stang, Fjaler (1974)
3. Anne-Mette Hjelle, Førde (1963)
4. Daniel Gangeskar, Vågsøy (1996)
5. Trude Risnes, Leikanger (1971)
6. Jan Henrik Nygård, Flora (1961)
7. Kurt Jevnaker, Årdal (1971)
8. Thea Vie, Førde (1998)
9. Alfred Bjørlo, Eid (1972)
10. Marit Gjerstad, Flora (1978)
Alfred Bjørlo, Daniel Gangeskar,Trude Risnes, Jan Henrik Nygård, Gunhild Berge Stang, Sveinung Rotevatn, Anne Mette Hjelle og Thea Vie.
Alfred Bjørlo, Daniel Gangeskar,Trude Risnes, Jan Henrik Nygård, Gunhild Berge Stang, Sveinung Rotevatn, Anne Mette Hjelle og Thea Vie.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**