1600 norske barn misser tilbod om norskopplæring – Møre og Romsdal Venstre vil behalde Globalskolen

Globalskolen AS og Norskskolen LLC gir gratis nettbasert kompletterande undervising i norsk, samfunnsfag og KRLE til 1600 norske barn i grunnskulepliktig alder som er busett i utlandet. Undervisinga bygger på Kunnskapsløftet, norsk læreplan for grunnskole. Borna går på lokale skular over heile verda i tillegg til å delta i den nettbaserte undervisinga. Tilbodet er godkjent og finansiert av Utdanningsdirektoratet i Norge.

Globalskolen AS, som gir tilbod til over 1400 elevar, held til i Volda og er eit non-profit aksjeselskap eigd av fire kommunar på Sunnmøre.

Dette tilbodet bidreg til at norske born i utlandet får individuelt tilpassa undervising i norsk, samfunnsfag og KRLE etter norske læreplanar via nettbasert skule. På denne måten får eleven oppretthalde eller forbetre sin norskkunnskap, noko som gjer det lettare for desse borna å kome heim til Norge og delta i undervisinga i den norske skulen.

Gode norskkunnskapar er viktig for å lykkast også i andre skulefag, og opplæring i samfunnsfag og KRLE bidreg til forståing for norske tradisjonar og verdiar. Dette gir forankring og identitet medan dei bor ute og er til hjelp når dei kjem tilbake.

Møre og Romsdal Venstre fryktar at dette kuttet vil sende rekninga over til dei ulike kommunane når elevane kjem attende til sine heimkommunar og skal inn i ordinær undervisning. Dette er ikkje elevane tent med og det er heller ikkje god samfunnsøkonomi.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**