Når prinsipp vert utfordra av behov

Pexels
I går var det møte i formannskapet om budsjett for 2017. Endeleg avgjer kjem i heradsstyret i starten på desember.

Her er fleire ting å gle seg over:

  1. Rådmannen har lagt fram eit forslag der han har prioritert bemanning i barnehage (prekært!) og pris i SFO. I tillegg kan ein gle seg over reduksjon i kommunale gebyr – sjølv om det er mellombels og truleg skal opp igjen til neste år. Det vert satt av 2 millionar i disposisjonsfondet. Ein mindre sum enn vi burde, men betre enn ingenting.
  2. Med unntak av Høgre, så er det vidare semje mellom partia om dette:
  • sette av midlar til to av dei fire lærarstillingane ved ungdomsskulen som ikkje lenger er finansiert av staten.
  • ein heil, blank million til vedlikehald. (Ein har ikkje same forslag om fordeling mellom bygg og asfalt).
  • midlar til planavdelinga. Beløpet er nokolunde det same frå alle parti, og alle er einige om at dette er til innkjøp av tenester – ikkje auke i bemanning (drift)
  • vidareføring av tilbodet ved Kroken og Haldorvika (dagens tilbod) er inne hos alle
  • nye lærlingeplasser i helse og omsorgssektoren
Som sagt: semje over heile fjøla, og dermed både godt høve for vidare budsjettdrøftingar, og god tru om at alt i lista over vil vere med i vedtatt budsjett i desember.

Så kjem det ein ikkje er einige om:

  • AP og FrP ønskjer å halde ei administrativ stilling vakant (assisterande rådmann/controller, alt etter kva for eit administrativt behov som skal dekkast). Vidare vil Ap og FrP opprette eit nytt politisk utval. Og dei vil ha kulturpris.
  • Krf, Sp, MDG og V vil auke grunnbemanninga innan helse og omsorgssektoren – blant anna for å få ned dyrkjøpt vikarbruk. Vi vil sikrar midlar slik at legevakta framleis kan halde noko kveldsope- som i dag. Vi vil kjøpe inn teknisk ustyr til streaming av politiske møte og sette av ein halv million ekstra til disposisjonsfondet (sparing/buffer for barnevernet).
Dels er prioriteringane ulike, og dels kjem skilnaden som konsekvens av at ein har ulike tankar om kor mykje eigedomsskatt kommunen vil, eller skal, ta inn til neste år. FrP og AP legg til grunn 5,8 millionar ekstra samanlikna med i fjor, medan Krf, SP, MDG og V legg til grunn 10 millionar. Her må ein hugse at ei re-taksering av eigedommar på Osterøy er i full gang – og verdigrunnlaget har stege mykje på dei 10 åra sidan sist dette arbeidet vart gjort. Desse midlane kjem “enten me vil det eller ei” – og er knytt til fjorårets vedtak om retaksering (som var lovpålagt). Sjølvsagt påverkar heradsstyret volumet når promille vert satt i desember, men ein skal mykje ned i promille for å forhindre at kommunen har auke i eigedomsskatt til neste år.

Så kvifor stemmer Venstre for at eigedomsskatt vert nytta i drift?

Eigedomsskatt er ein tilleggsskatt ingen vil ha, og alle politikarane ønskjer at eigedomsskatten vert sett ned og blir fasa ut. Slik skatt skal i beste fall nyttast til å betale ned gjeld, drive vedlikehald og gjere eingongs-investeringar som ikkje bind oss i kommande budsjett. Ved å bruke pengar frå eigedomsskatten i drifta held vi kommunen “kunstig i live”. Det kan og sjåast på som ei erkjenning av at kommunen har ikkje sjølvstendig økonomisk berekfraft. Dette var Venstre oppeteken av i debatten rundt kommunereforma.

Faresignal er, etter vårt syn, overtydelege i årsmelding og framlegg til budsjett. Konsekvensar av aukande behov og mindre overføringar frå staten er alvorleg for tenestene, og særleg innan helse og omsorg. Ikkje berre har me folkeauke – og eit aukande tenestebehov på grunn av dette. I tillegg kjem det nye krav til både kvalitet og tenester. Likevel skal helse og omsorg kutte nesten 3 millionar i rådmannen sitt framlegg. Generelt er rådmannen tydeleg på at fleire av tilboda vil bli påverka, og nokre av kuttforslaga må vurderast opp mot fagleg forsvarlegheit. Bu- og avlastingstenesta aleine skal kutte ein heil million. Her snakkar me om grunnleggande, basale tenester som ein kommune skal kunne levere. Og levere skal vi – og må vi. Derfor kan ein ikkje venta anna enn at ein til neste år, som i dette året, vil måtte ta i bruk vikarbyrå. Dette bidreg til ein meirkostnad i helsesektoren.

Vi meiner å sjå ein sektor der behovet ikkje står i samsvar med rammene. Vi ønskjer å bidra til ei viss forbetring. Vi trur at det er klokt å få ned vikarbruken ved å auke grunnbemanninga. Heilt “i mål” kjem vi ikkje, men ein vert litt mindre sårbar og arbeidsbyrden på våre tilsette vert noko mindre. Pårørande vil bli mindre bekymra og slitne. Og ja: då har vi bidrege til at drifta aukar i volum, og me har tatt på oss ansvar for å finansiere stillingane i nye år. Men dette kan også sjåast på som ei tilpassing til eit reelt behov- og eit aukande folketal. Dette er ikkje råflott og ekstravagant. Dette er å sikre ein viss kvalitet i kommunen sine kjerneoppgåver for nokre av dei svakaste. Misser me dette fokuset så er me ille ute.
Derfor.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**