Årsmøtereferat 2017

Foto: Sogndal Venstre

Tid: Tysdag 31.01.17 kl. 18.30

Stad: Fylkeskommunehuset på Leikanger.

Møtet var delt inn i to bolkar. Første del av møtet vart helde saman med Leikanger Venstre. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn var tilstade for å orientere om arbeidet på Stortinget og den kommande valkampen. Han tok imot synspunkt og spørsmål frå medlemmane i Leikanger Venstre og Sogndal Venstre. Sak nr. 7: Politiske fråsegner frå årsmøte og framlegg til fråsegner til fylkesårsmøtet vart behandla på første del av møtet saman med Leikanger Venstre. Årsmøta til Sogndal Venstre og Leikanger Venstre godkjende to politiske fråsegner og vart samde om to framlegg til fråsegner til fylkesårsmøtet.

Dei politiske fråsegna frå årsmøte i Sogndal- og Leikanger Venstre som vart godkjend var «Leikanger og Sogndal Venstre går inn for storkommune» og «Vernesoner for hummar og brisling i Sognefjorden». Framlegget til fråsegn «Nettkapasiteten i sentralnettet i Sogn har ein flaskehals», som omhandlar forsterkning av 300KV lina Sogndal til Aurland og miljøvenleg reduksjon av tapt energi i linenettet vert sendt til fylkesårsmøtet. Det vert også framlegget til fråsegn «Sogn og Fjordane Venstre støttar Viten-senter Sogn og Fjordane».

Andre del: Årsmøtet til Sogndal Venstre

På årsmøtet til Sogndal Venstre var det 8 frammøtte: Else Mundal, Hans Haugen, Gunvor Haugen, Christen Knagenhjelm, Eva Ramstad, Eyvind Øgar, Bjarte Haugen og Are Kvistad.

Sak 1:

  1. a) Ingen merknadar til innkalling.
  2. b) Ingen merknadar til sakslista.
  3. c) Val av møteleiar: Hans Haugen
  4. d) Val av referent: Else Mundal
  5. e) Val av to medlemmar til å skrive under møteboka: Eva Ramstad og Are Kvistad

Sak 2: Eva Ramstad les rapport frå gruppeleiar. Den blir godkjend. Hans Haugen les årsmelding. Den blir godkjend med eit par tilføyingar.

Sak 3: Rekneskapet blir godkjend.

Sak 4: Vedtekter. Årsmøtet vedtek Venstre sine lokallagsvedtekter.

Sak 5: Kontingent vert vedteke. 390 kr per år fordelt slik: 175,- nasjonalt, 75,- fylke og 140,- lokalt.

Sak 6: Val.

Valnemnda har vore samansett slik: Halvor Gregusson (Leiar), C. Knagenhjelm og Jo Marius Bøyum.

Hans Haugen vert attvald som leiar. Eva Ramstad vert vald som ny nestleiar. Christen Knagenhjelm vert vald som nytt styremedlem. Else Mundal og Eyvind Øgar er ikkje på val og fortset som styremedlem.

Are Kvistad vert vald som vara. Jo Marius Bøyum og Merete Holm Vikan er ikkje på val og fortset som vara.

Revisor: Nils Ove Opheim og Ingunn Torstad Løvik

Valnemnd: Jo Maris Bøyum (Leiar), Merete Holm Vikan og Bjarte Haugen

Delegatar til fylkesårsmøtet: Are Kvistad, Eva Ramstad

Observatør til fylkesårsmøtet: Hans Haugen, Gunvor Haugen og Christen Knagenhjelm.

Sak 7: Politiske fråsegner vart behandla saman med Leikanger Venstre.

Sak 8: VO-utval: Styret

Sak 9: Kampanje-utval: Styret og Are Kvistad.

Møtet vart avslutta med at Hans Haugen fekk ei gåve som takk for godt arbeid gjennom mange år og for at han tok i mot attval.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**