Eg set den enkeltes fridom høgt, men ansvaret for fellesskapet enda høgare

Eg brenn for småbedriftene, distrikta og levande landbruk, for eit godt barnevern og ein god skule. For likestilling. For integrering. For at kvart menneske blir teke på alvor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Eg håpar og trur eg kan vere ein representant mange kjenner seg att i med dei utfordringane dei har. Som forelder, som småbedriftseigar, som handtverkar, som mellomleiar i ein kommune, som tenestmottakar- og tenesteytar. For eg har og mine. Utfordringar kan løysast. Det gjeld å ikkje gje seg.

Eg er 43 år, gift med Olav Kjetil og har to jenter på 15 og snart 18 år. Vi har vore fosterheim for to no vaksne gutar i kvar sin periode sidan 2002, og har hatt mange ungdomar i besøksheim, på avlasting og til arbeidstrening.
Småbruket Løkslid, i Morgedal, vart kjøpt veglaust og nedfalls i 1999, og over tid, har me bygd plassen opp til ein flott bustad som og er base for vår næringsverksemd som lærlingbedrift innan gullsmedfaget, innan sosialt arbeid og friluftsliv. Det er særdeles lærerikt å lære bort, og 8 filigranssylvsmedar har fått sine svennebrev hos meg. Sidan 2012 har eg og vore rektor ved Kviteseid kulturskule.
Eg prøvar å gjere noko med ting. (Elles kan ein jo ikkje klage?) Difor har eg vore lokalpolitikar i Venstre sidan 2003, og har vore innom kommunestyret, dei to hovedutvala i kommunen og er leiar for Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne.
Eigentleg vart eg gullsmed for å sleppe å jobbe med folk, og eg ynskte berre å eige ein bil, ein tannbørste og eit lite rødt hus i skogen. Ein kan vel seie at det har balla på seg, med fleire køyretyg , fleire hus og fleire tanngardar som skal pussast. – Og når ein ser etter den raude tråden i verksemda mi, er det folk, folk og atter folk eg fyller dagane med. Pluss litt næring, kultur og miljø så klart, for det høyrer og til i den ein heilskap der alt heng saman med alt.
Kva eg vil ? Som grunnleggande sosialliberalar, med like stor vekt på sosial som liberal, vere med på å finne pragmatiske, gode og berekraftige løysingar for utvikling av samfunnet vårt. Løysingar som set den enkeltes fridom høgt, men ansvaret for fellesskapet enda høgare. Eg brenn for småbedriftene, distrikta og levande landbruk, for eit godt barnevern og ein god skule. For likestilling. For integrering. For at kvart menneske blir teke på alvor. Av og til brenn eg rett og slett for alt, og eg håpar og trur eg kan vere ein representant mange kjenner seg att i med dei utfordringane dei har. Som forelder, som småbedriftseigar, som handtverkar, som mellomleiar i ein kommune, som tenestmottakar- og tenesteytar. For eg har og mine. Utfordringar kan løysast. Det gjeld å ikkje gje seg. 

(…og å ikkje skulde på andre. )

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**