Sogndal Venstre ynskjer å rydde gran i Sogndalsdalen og Fjærland

Sogndal Venstre har sendt inn høyringssvar angåande “tiltaksstrategi for bruk av SMIL-midlar i Sogndal 2017-2020″

Sogndal Venstre har forslag om eit 5.kulepunkt: Rydding av viltveksande gran i lauvskog og beiteområde, for å ta vare på landskap og biologisk mangfald.

Bakgrunn: Det har i seinare år blitt eit stort problem med viltveksande grantre i Sogndalsdalen og Fjærland. Det er eit stort arbeid å fjerne store grantre som veks utanom felt, dei har heller ingen verdi då det er svært mykje kvist og veks på område ein ikkje kjem til. Ei slik gran dekker ofte ein 3o-40m2 jord botn som misser sin opprinnelege biologiske mangfald.

Med noko SMIL midlar til hjelp kan eigarane av lauvskogområda ta vekk grana mens den er lita. Store grantre som veks opp åleine vert til slutt felt av storm, og vert så liggande i mange 10.år. Kvistane frå desse granene er svert kvasse og forårsakar stor skade på dyr som lever og beitar her. Det er trist å tenke på korleis fjellsida i bygdene våre kjem til å sjå ut når all denne grana vert 20-30 år gammal.

Me må tenke på framtida og få vekk smågrana no!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**