Politisk rekneskap (juni 2017)

Teksten kan også lastes ned som PDF-dokument

Eit lite overblikk over saker som kommunesstyregruppa har jobb med dei siste to åra.

Konsulentbruk:
Venstre har ved fleire høve uttalt seg kritisk til konsulentbruk i kommunen – særleg i faste stillingar over tid. Dette har vore formidla både i KST og i media. Det har fått positive konsekvensar uten at vi er i mål, men saka vert tett oppfylgd , særleg i FPL.

Omdømme:
Også her har Venstre vore aktive. Vi har vore med på fellesuttale frå FPL der det vart «ikkje godkjent svar» i første fase , men der vi seinare godtok opplegget der rådmannen skisserte tiltak for å betra omdømme.

Vi har hatt uttalar i media , og gruppeleiar er med i gruppa som har oppfølgingssamtaler med rådmannen.

Lundhaugen barnehage:
Venstre ville byggja ny barnehage på eksisterande tomt og spara leikeplassen – Klausabakken – til glede for grenda OG barnehagane i nærleiken.

Det vart nedstem i Kst . Deretter flytte me fokus på at «Rikspolitiske retningslinjer for born og unge» skulle fylgjast når det gjaldt å oppnå fullverdig erstatningsareal. Dette vart ikkje oppfyllt. Venstre sende klagesak til Fylkesmannen, men det førte ikkje fram der heller.

Interkommunal legevakt:
Etter lange debattar og prosessar i politiske fora og i administrasjonen, vart sluttresultatet ei løysing som var om lag identisk med Venstre sitt primerforslag.

Lokal matproduksjon for institusjonar og heimebuande som ynskjer det:
Dette jobba Venstre for – saman med Krf – gjennom fleire år, og no er det fleirtal i det politiske miljøet for dette.

Gondolsaka:
Her var Venstre heilt frå starten av oppteken av at reguleringsplanen også måtte omfatta området vest for Voss Stasjon, men tapte i Kst. Dermed forelåg det i realiteten berre ein trase å stemma på – altså enten FOR eller MOT ny gondol. Venstre har heile tida vore klare på at privatrettslege avtalar burde vore på plass før det vart jobba med reguleringsplan, men altså ikkje nådd fram.

I ettertid stemte Venstre for å yta lån og tilskot på 10 millionar til Voss Gondol AS, men fleirtalet stemte for 20 millionar. Me meinte det var å « gambla» med skattebetalarane sine pengar med bakgrunn i budsjettet som vart lagt fram frå Voss Gondol AS.

Sidan fremma Venstre forslag om at verken lån eller tilskot skulle utbetalast FØR privatrettseleg avtalar vart i boks . Venstre fekk 8 stemmer for dette i Kst.

Til slutt vart det sak om oreigning. Der stemte Venstre MOT , og det gjorde også 10 andre. Altså vart det oreigning til slutt – mot 13 stemmer. No er det varsla rettslege prosessar i denne saka.

Vossabadet:
Venstre har vore pådrivar for å byggja Vossabadet gjennom heile prosessen , og er glade for at det står klart til hausten.

Estetikk på Vangen:
Venstre har vore oppteken av at nybygg i eksisterande busetnad , bør ta omsyn til dette i stor grad. Særleg aktualisert ved det planlagde hotellet og Nedre gondolstasjon som er nær Vangskyrkja, Voss Stasjon og Fleischers Hotel. Henviste til byggeskikksirkel utarbeidd frå Norske Arktitekters Landsforbund , som i alle fall er ei «kvalifisert synsing» . Venstre har også vore oppteken av Vangsgata si skjebne i ei tid der «fortetteing i sentrum» er høgaktuelt. Vesntre har oppretta ei gruppe som jobbar spesielt med dette , og vil skipa eit møte vedrørande dette . Fremma forslag i FPL om at noverande reguleringsplan bør gjelda fram til ny er vedteken , men dette fekk ikkje flertal. Er glade for at ein Sentrumsplan er på trappene.

Klimavenlege nybygg:

Venstre har fremma forslag om at nybygg i Voss Kommune sin regi bør byggjast av klimavenleg materiale ( passivhus/aktivhus) , vurdera solcelle/solfangar f. eks i Vossabadet, og andre bygg. Alternative energikjelder til oppvarming i tillegg til elektrisk straum.

El-bilar ved fornying av bilparken der det er tenleg:
Har fremma dette fleire gonger , og nokre el-bilar er det vorte.

Utskifting av oljebrennarar:
Har fremma dette i MKU – og fleire har også fått tilskot ved utskifting til alternative ernegikjelder.

Kulturskulen:
Venstre har jobba for å styrkja budsjettet i kulturskulen , og har vore særleg oppteken av å halda fram med Write an opera og Rock ` an roll pluss korpsaktivitetar.

Kraftutbygging:
Venstre har vore opptekne av at ein ikkje etablerer utbygging i nye områder , men har gått inn for noko utbygging der det allerede er etablerte utbyggingar.

Vern av Vossavassdraget/flaumsikring:
Det har vore Venstre si klare haldning å snu alle steinar for å hindra regulering av Raundalselva – og særleg magasinering. Venstre har oppnemd ei gruppe som har sett seg ekstra inn i dette , og deretter «mata» kommunestyregruppa med saklege forskningsresultat/uttalingar – i tillegg til at Kst gruppa sjølv har jobba med rapportar og delteke i møte/debattar.

Støttar eit fellesforslag frå Kst om å venta på rapport frå NVE, og for å fremma eit forslag om å oppretta eit nasjonalt flaumfond.

Kraftfondet:
Venstre har spelt inn å bruka kraftfondet til investering slik retningslinjene seier , og lata all drift gå over budsjettet. Dette er fortsatt ikkje på plass. Venstre har også foreslått å fordela større beløp på kvalitetssikra søknader og ikkje strø mindre beløp over mange. Dette har heller ikkje fått tilslutning.

Barnevernsvakt:
Venstre har fremma forslag om å oppretta ei interkommunal ordning. Slik stoda er i dag er det ingen etablert ordning som fungerer ved barn i krise frå fredag kl 16 til mandag kl 8. Slik kan vi ikkje ha det.

Oppsummering:
Det vil føra for langt å gå i meir detalj , men dette er eit forsøk på å belysa dei viktigaste områda som har vore politisk handsama.

Avslutningsvis er det klart at når gruppa er redusert frå 5 til 3 i denne perioden så er ikkje kapasiteten like stor. Det er difor no oppretta arbeidsgrupper på særskilde fagområde , og det er svært gledeleg! Vi er ikkje så mange, men alle yter etter evne og tid. Som gruppeleiar takkar eg alle som støttar og bidreg!!

Voss 13.juni 2017 Jorunn Ytrefjord Gruppeleiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**