No kjem klimasats-pengane

Førstekandidat for Telemark Venstre Eli Taugbøl, Venstre

22. juni blei det offentleggjort kva for kommunar og prosjekt som mottek miljødirektoratets klimasatsmidlar. Til saman er det 124 kommunar som skal dele på 150 millioner kroner. Pengane er eit resultat av Venstre-gjennomslag i budsjettforhandlingane for 2016 og 2017. I fjor var den på 100 millionar kroner.

Klimasats-ordninga skal hjelpe kommunar og fylkeskommunar med å redusere klimagassutslipp, og til å omstille seg til lavutslippssamfunnet. I år har 170 vidt forskjellige prosjekter fått stønad. Potten skal brukast på alt frå el-syklar til arealplanlegging og biogassprosjekter, med meir. Klimasatsmidla kan dekkje opptil 50 prosent av prosjektkostnadane, resten må kommunen dekke sjølv.

Alle må bidra i overgangen til et grønare samfunn, og kommunane er svært viktige når det kjem til lokale utslippskutt. Klimasatsmidla gir dei moglegheit til å setje i verk heilt konkrete klimavenlege prosjekt som elles ikkje hadde fått stønad.

På grunn av Venstre sitt budsjettgjennomslag om pengar til klimasats-ordninga og gode søknadar frå kommunane, mottek Kviteseid 900 000 kr og Fyresdal 275 000 kr til prosjekt inna klimavenlege bygg.

Eg vel og å nemne at Hjartdal og Tinn får 3 500 000 og 4 000 000 til nye skulebygg gjennom ordninga.

Venstre gjer ein viktig jobb på Stortinget med å få gjennomslag for politikk som gjev rom for vekst og utvikling i kommunane.

Med helsing

Eli Taugbøl, 1. kandidat Telemark Venstre.

Lesarinnlegg i Vest-Telemark Blad 27. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**