Kunnskap er det beste verktøyet

Foto: Mona Lindseth

Det er ikkje norske, men liberale verdiar som er under press, skriv 1. kandidat Terje Breivik i Bergens Tidende i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

I inngangen til valkampen har det pågått ein debatt om norske verdiar. Ein debatt som ber meir preg av å vere konstruert for å spele på oppfatningar og frykt, framfor realitetar.

Diverre vart ikkje verdshistoria ein parademarsj for vestlege verdiar slik fleire spådde på nittitalet. Det har ikkje vorte slutt på brutale krigar om makt og ressursar. Vi er ikkje kvitt demagogiske politikarar og maktutøvarar som undertrykkjer eige folk, bløffar veljarane og tek seg makt på urettmessig vis. Trump og Putin er openberre døme, og Polen og Ungarn viser at det er fullt mogeleg for vestlege demokrati å bevege seg i heilt gal retning.

Ein forfeila økonomisk politikk i naboskapet vårt, Europa, gjer at millionar står arbeidslause og frustrerte utanfor det gode selskap. Eit utanforskap som skapar grobotn for populistiske parti som nettopp spelar på usunn nasjonalisme; vere seg sjølv nok, og der landa nærast kappast om å vere minst attraktive for folk i nød. I dette landskapet er det større behov for meir internasjonalt samkvem og samarbeid, ikkje mindre.

Ta i mot mangfald med glede over rikdomen og mogelegheitene det representerer. Kva er betre botemiddel mot framandfrykt og utryggleik? Og kva kan vere meir norsk enn det?

For Venstre betyr det mellom anna å styrke barnehagane og skulane. Kunnskap og utdanning er dei beste verktøya vi har for å sikre sosial utjamning og gje kvar enkelt like mogelegheiter og fridom til å leve det ein sjølv definerer som det gode liv, trygge på eigen identitet og verdiar.

Les innlegget på bt.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**