Venstre er garantisten for breiband i distrikta

Foto: Jostein Vedvik

I kvar budsjetthaust sidan 2013 har Venstre sørga for eit statsbudsjett som ikkje nedprioriterer breibandutbygging, men gjev historiske høge satsingar på breiband. I 2017 var løyvinga på 130 millionar kroner. Sogn og Fjordane fekk ein fjerdepart av denne løyvinga, fordi det blir jobba godt med breibandutbygging i dette fylket, og fordi dette fylket treng det. Difor er breibandløyvingane på statsbudsjettet i stor grad å rekne som ei Sogn og Fjordane løyving.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

 

Framtida er digital og Venstre meiner at breiband er basal infrastruktur som alle må ha tilgang til uansett om du bur i ei lita grend eller i storbyen. Distrikta får ikkje næringsliv eller familiar til å etablere seg på ein stad utan straum og veg, i dag gjeld det også tilgang på breiband. Manglande breiband er dessutan allereie ei utfordring for beredskap og oppfølging av eldre i heimane sine. Og framtidas omsorgstenester vil i stadig større grad verte heimebaserte og digitalbaserte.

 

Vi i Venstre forstår difor ikkje at regjeringa har så god tid når det gjeld breibandutbygging. Og det er også mot betre vitande å hevde at vi kan stole på at kommersielle aktørar vil byggje ut i distrikta utan statleg medfinansiering. Difor prioriterer Venstre breibandutbygging i sine budsjett, reverserer regjeringa sitt framlegg til å kutte satsinga med 69 millionar og i tillegg aukar den til heile 150 millionar kroner

 

Budsjettløyvingane til breiband har aldri vore så høge som etter at Venstre har kome i forhandlingsposisjon, og slik vil det vere framover også.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**