– Eit budsjett for vekst i Sogn og Fjordane

Foto: Jostein Vedvik

– Venstre har vunne kampen om eit statsbudsjett for 2018 som legg til rette for vekst og utvikling i Sogn og Fjordane. – No får næringslivet i distrikta betre kår, vi har fått gjennomslag for eit solid breibands-løft og det blir betre rammevilkår for frivillige lag og organisasjonar, barn og unge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Det seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang, i ein kommentar til budsjettforlliket om Statsbudsjettet 2018 mellom regjeringspartia, Venstre og Krf.

 

– Satsinga på Innovasjon Norge og andre næringsretta formål er styrka med over 300 millionar kroner i avtalen med regjeringa. Saman med meir enn dobling av midlane til breibands-utbygging og auka investeringsmidlar til landbruket, legg dette svært godt til rette for vekst i næringslivet i Sogn og Fjordane i åra framover, seier Berge Stang.

 

– Eg er også svært glad for at Venstre også i år har fått gjennomslag for auka tapskompensasjon for fylkeskommunane. Det er særleg viktig for å halde oppe kvaliteten i vidaregåande skule, slik at vi framleis kan gi ungdom i Sogn og Fjordane det beste skuletilbodet i landet, seier Venstre sin fylkesleiar.

 

Venstre har også i budsjettforliket sikra økonomien til folkehøgskulane, fått på plass vedtak om fleire politistillingar i distrikta, og sikra økonomien til 4H og andre frivillige organisasjonar som Regjeringa foreslo å kutte løyvingane til. Ei styrka nynorsksatsing ligg også inne som ein viktig Venstre-siger i budsjettforliket.

 

– Eg er også svært glad for at vi no endeleg kan starte barnehus i Sogn og Fjordane i 2018. Dette har lenge vore ei kampsak for Venstre, og det er gledeleg at vi saman med Krf no har fått dette på plass, seier Gunhild Berge Stang

 

Ønskjer du meir informasjon, ta kontakt med Gunhild Berge Stang, mobiltlf 976 53 785.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**