Eit framtidsretta statsbudsjett

Foto: Elias Dahlen/Hordaland Venstre

Venstre har saman med KRF og regjeringa vorte samde om eit budsjett som bidreg til at me får ein betre skule, tek betre vare på miljøet, legg til rette for meir miljøvenleg verdiskaping og får ei sterkare satsing for reduksjon av barnefattigdom.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Utover dette har Venstre medverka til at budsjettet får ein profil som styrkar mangfaldet vårt. Støtta til frivillige lag og organisasjonar er styrka. Satsinga på nynorsk kultur og språk er auka gjennom løyvingar til Hordaland Teater, Noregs mållag, landssamanslutninga for nynorskkommunar og fleire andre tiltak som skal støtta opp om publikasjonar for ungdom.

Pressestøtta vert oppretthalden slik at me får eit mangfald i meiningsbærarar lokalt og regionalt. Det har vore særleg viktig for Venstre å få til ei utviding av mva-fritaket til og å gjelda all digital journalistikk. Dette skal no leggast fram i samband med revidert nasjonalbudsjett til våren.

Venstre har stått hardt på for at det skal etablerast eit protonsenter i Bergen noko som vil bety ei gigantsatsing for Haukeland universitetssjukehus, og ein milepæl for norsk kreftbehandling.

Venstre har og fått gjennomslag for at staten skal bidra med økonomiske tilskot til utbygging av landstrøm for cruiseskip, noko som er avgjerande for utbygginga i Bergen havn. Saman med ei auke i belønningsordninga for kollektivtiltak rundt dei store byane vil dette gje vesentlege bidrag til reinare luftkvalitet for menneska som lever og ferdast i Bergen. Tiltak mot marin forsøpling og ei rekke andre tiltak vil betra levevilkåra for artane som lever i naturen.

Venstre har støtta opp om kravet frå KRF om ei løyving på kr. 75 mill. til omstilling i landbruket. Det har vore viktig for Venstre å satsa på breiband og styrking av verkemiddelapparatet for verdiskaping i distrikta gjennom Innovasjon Norge, SIVA og andre aktørar og ordningar. Venstre har kjempa for å auka grensa for opsjonsbeskatning frå kr. 30 000,- til kr. 500 000,-. Dette ei vesentleg forbetring av regjeringa sitt framlegg som kjem nystarta bedrifter til gode.

Venstre har stått på for at staten kan medverka til å realisera fullskala pilot-/demonstrasjonsanlegg for flytande havvind. Dette blir no ein realitet, noko som vil vera viktig for leverandørindustrien og vår fossilfrie kraftproduksjon.

Venstre har kjempa for at Norge skal ta sin del av ansvaret for flyktningar i verda. Talet på kvoteflyktningar er derfor dobla, ei auke på 1000, i avtalen om statsbudsjettet.

 

Skole, miljø og nye arbeidsplasser, i tillegg til sterkere satsing mot barnefattigdom, har vært Venstres viktigste saker i årets budsjettforhandlinger.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**