Støtte til Vitensenteret

-Fråsegn frå Venstre i Sogndal, Leikanger og Balestrand

Viss planane om eit Vitensenter skal lukkast, må også staten bidra. Venstre fekk i årets statsbudsjett støtte for ein auke på 10 millionar til eksisterande regionale vitensenter, og Venstre jobbar vidare for at komande løyvingar også skal inkludere Vitensenter i Sogn og Fjordane.

Auken på 10 millionar går i år til eksisterande vitensentra, men Venstre har samstundes fått positive signal i utdannings- og forskingskomiteen for planar om nye sentra i Sogn og Fjordane og Nordland. Slik bidreg Venstre til å sikre ein god regional fordeling av vitensentra over heile landet.

Venstre føreslo følgjande merknad, som fekk tilslutnad i komiteen: Komiteen viser til at programstyret for Vitensentrene underlagt Forskningsrådet har pekt på Vitensentrenes rolle i de ulike regionene og hvor man blant annet vurderer nye etableringer i Sogn og Fjordane, samt Nordland, for å dekke hele landet på en god måte.

Vitensenter-prosjektet har fått brei støtte i fylket. Sogn og Fjordane Venstre, med lokallaga i Sogndal og Leikanger i spissen, er aktiv støttespelar. I 2018 vil vi difor invitere forskingsminister Iselin Nybø hit, vise framkunnskapsregionen Sogn og Fjordane og kvifor det er på sin plass å etablere eit Vitensenter nettopp her. Målet er statleg delfinansiering, slik at drifta av senteret kan starte frå 2020.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**