Seljord Venstre frå posisjon til opposisjon i 2015

I førre kommunestyre hadde Høgre ordføraren, Krf varaordføraren – og Venstre var samarbeidsparti. Sidan ordføraren, Solveig Sundbø Abrahamsen, kom inn på Stortinget, rykte Krf/Jon Svartdal opp.

Så kom valet 2015 med nye konstellasjonar: Ap fekk ordføraren, H varaordføraren mens Krf var “støtteparti” til liks med FrP. Venstre saman med Miljøpartiet dei grøne og Senterpartiet dannar no opposisjon – og samarbeider godt, men står likevel fritt i enkeltsaker.

Sv er ute denne perioden. Så det går opp og ned både i det politiske og det sivile livet. Ein kan alltids undrast litt over kven som finn saman, men praksis viser at det alltid finst viktige saker ein kan samlast om.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**