INTERPELLASJON – Klimautfordringar i Luster, del 2

Til ordføraren

Det vert vist til Venstre sin interpellasjon april 2017 der vi tok opp klimautfordringar som også Luster må ta innover seg. I svaret frå ordførar vart det orientert om at klimaomstilling og ROS vert sentralt tema i kommuneplanarbeidet, men elles at kommunen vil vera passiv til eventuell ekstra innsats mellom anna ikkje eigen temadel i kommunestyre eller delta i regionale prosjekt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

NVE arbeider aktivt for at kommunane i større grad skal kartlegge og førebygge skader frå flaum og skred. NVE tilbyr i år ny tilskotsordning der kommunane kan søkja tilskot opp til 200.000 kroner til kartlegging av kritiske punkt som kan føre til at bekker og bratte vassdrag fløymer over.
Venstre har no to oppfølgingsspørsmål til ordføraren:

  1. Meiner ordføraren som leiar for lokal beredskap, at arbeidet med førebygging mot flaum og skred har tilfredsstillande prioritet i kommunen ?
  2. Har kommunen søkt (eller vil søkje) om moglege tilskotsordningar i 2018 til kartlegging og andre førebyggande tiltak i høve flaum og skred ?

(Svaret frå ordføren er på møteprotokollen for kommunestyre 15.02.2018)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**