Til Sunnfjord for å høyre om vegsatsingar

Jon Gunnes, Stortingsrepresentant for Venstre, vil besøke Sunnfjord 4. juni for å sjå og høyre om vegsatsingar i regionen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Jon Gunnes, Stortingsrepresentant for Venstre.

Jon Gunnes er medlem av Kommunikasjons- og transportkomiteen på Stortinget. Måndag 4. juni blir Gunnes med på ei rundreise i Sunnfjord for å sjå på utfordrande vegstrekningar.

– Vi har mykje smal, dårleg og rasutsett veg å vise fram, og ønskjer gjennom besøket å få løfta fram fleire av desse både i partiet og for regjeringa, seier Åge Avedal, leiar i Sunnfjord Venstre, som har tatt initiativet til besøket frå Stortingsrepresentanten.

Meir til rassikring
Det blir synfaring og orientering om planane for Fylkesveg 57 mellom Dale og Førde og den rasutsette Fylkesveg 609 ved Hundsåna i Askvoll. Gunnes vil også sjå på rasfarlege strekker langs Riksveg 5 mellom Florø og Førde, og bli orientert om Førdepakken og E39 i tunnel utanom Førde sentrum.

Jon Gunnes ser fram til besøket og rundreisa, og understrekar at trafikktryggleik er ei kjernesak for Venstre.

– Trygge skulevegar er viktig, og vi må satse på vedlikehald og utbetring av vegar der trafikktryggleiken er for dårleg. Venstre har fått på plass meir midlar til rassikring i statsbudsjetta dei siste åra. Vi har òg vore med å sikre historisk mange midlar til rassikring av fylkes- og riksvegar i Nasjonal Transportplan med i gjennomsnitt to milliardar årleg det komande tiåret. Vi kan ikkje akseptere at folk som reiser har det vondt og vanskeleg fordi dei er redde for å få stein i hovudet, seier Gunnes.

Ope møte om veg i Sunnfjord
– Venstre vil jobbe for å få på plass fleire gang- og sykkelveier, slik at det blir tryggare for dei mjuke trafikantane. I tillegg vil Venstre legge til rette for elektrifisering av transporten i distrikta ved å byggje ut ladenettverk og halde fram satsninga på ferjetransport med null utslepp. Det siste er ikkje berre behageleg for dei reisande og miljøvenleg, det bidrar også til industrieventyret i sektoren på Vestlandet. Det er kjempeviktig for oss, slår Gunnes fast.

Jon Gunnes vil som ein del av besøket i Sunnfjord møte Erling Varlid, prosjektleiar for Førdepakken og Olve Grotle, ordførar i Førde kommune. Tema for møtet er Førdepakken og E39 i tunnel utanom Førde sentrum.

På ettermiddag 4. juni inviterer Sunnfjord Venstre til ope møte, «Pils og politikk», på Sunnfjord hotell med temaet veg i Sunnfjord.

– Veg og samferdsle er noko mange er engasjert i, og på det opne møtet kan ein både bli orientert og ta del i diskusjonane, fortel Åge Avedal, leiar i Sunnfjord Venstre, og held fram:

– I tillegg til Jon Gunnes vil Erling Varlid, prosjektleiar for Førdepakken, og Rolf Olav Tenden, fylkesleiar i Norsk Lastebileier-Forbund delta som innleiarar. Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler kommune og medlem av fylkestinget og Hovudutval for Samferdsle, og Gunn Merete Paulsen, medlem av bystyret i Førde og fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune, blir også med som innleiarar under «Pils og politikk».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**