Evy er ny ordførarkandidat

Det har vore klart ei stund at ordførar Olav Kasland ikkje vil stille til val ved neste kommuneval hausten 2019. Nominasjonsnemnda har derfor sett seg om etter eit nytt namn til fyrsteplassen på den fyrste felles lista for Bø og Sauherad.

Tordag 7. juni blei det kjent i Bø Blad at Evy Beate Stykket har sagt ja til å stå på fyrsteplassen. Nominasjonsmøtet er ikkje før i august, men det er stor einigheit i lokallaget om at Evy er rett kvinne som ordførarkandidat i det fyrste valet til ny felles kommune.

Evy har vore med i Venstre sidan byrjing av 2000-talet då ho budde i Båtsfjord i Finnmark. Etter det budde ho nokre år i utlandet, men i 2010 flytta ho til heimkommunen sin Bø der ho blei aktiv i lokallaget ganske fort. Ho kom inn som fyrste vara i Utval for oppvekst i 2012 då Per Espen Fjeld flytta frå Bø, og som fyrste vara møtte ho ofte på utvalsmøter – det var ein mjuk start inn i lokalpolitikken. Ved valet i 2015 sto Evy på 4. plass på lista og kom inn i kommunestyret. Ho blei også nestleiar i Utval for helse og oppvekst. I eitt år fungerte ho dessutan som leiar av utvalet medan leiar Kristin Vestgarden (V) var sjukemeld.

Evy er nestleiar ved Institutt for språk og litteratur på Universitetet i Søraust-Noreg og har bakgrunn frå norskfaget der ho har undervist grammatikk og språkhistorie. Med ein slik bakgrunn er det sikkert ikkje overraskande at ho er interessert i språkbruk generelt, og ho har klare meiningar om ansvaret politikarar har for å bruke eit språk som folk forstår.

Evy har tre born på 13, 15 og 17, ho spelar litt volleyball på fritida på eit passe lågt nivå, og ho har ein liten hang til å velje science fiction-filmar eller -seriar når ho skal kople av.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**