FRÅSEGN: Pass-funksjonen i Telemark etter nærpolitireforma

Foto: Wiki Commons

Som ein del av oppgavefordelinga i samband med nærpolitireforma er det foreslått ei sterk sentralisering av pass-funksjonen. I Telemark går det mot ei løysing der bare Notodden og Skien skal ha denne funksjonen. Telemark Venstre er sterkt mot denne sentraliseringa. Ved å fjerne passkontor frå Kragerø og Seljord er det mange som får lenger, til dels mykje lenger, reiseveg.

Telemark Venstre meiner at vi skal ha fire kontor som kan gje ut pass: Skien, Notodden, Kragerø og Åmot. Ved å oppretthalde denne funksjonen i Kragerø og ved å legge funksjonen til det nye regionale kontoret i Åmot, vil innbyggjarar i Telemark få eit mykje meir likeverdig tilbod. Det vil vere god samfunnsøkonomi å ikkje sentralisere pass-funksjonen så mykje som planlagt.

Både i Kragerø og i Åmot er det stor vilje til å bidra til at kontorlokale og andre forhold tilfredsstiller tekniske og sikkerhetsmessige krav til pass-funksjonen.

Er det slik at kompetansen er så spesialisert at det ikkje er nok folk til permanent bemanning på alle fire kontora, må ein kunna vurdere ei ambulerande ordning for kompetansen slik at folk i Kragerø-distriktet og Vest-Telemark slepp å bruke inntil ein arbeidsdag på reising for å få pass.

Er det slik at noen tilfelle krev ekstra kompetanse til innhenting av informasjon og vurdering må dette kunna løysast gjennom eit samarbeid med hovudkontoret, eventuelt at klienten i ekstraordinære tilfelle må reise til hovudkontoret.

Det er svært negativt om nærpolitireforma fører til dårleg samfunnsøkonomi og store ulemper for mange i Telemark. Telemark Venstre krev at Sør-Øst politidistrikt sørger for at pass i framtida kan gjevast ut i Skien, Notodden, Kragerø og Åmot.

Fråsegn frå fylkesstyret i Telemark Venstre 20. august 2018.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**