Krev at den statlege finansieringa av ferje- og hurtigbåtar aukar

Landsstyrerepresentantar frå Nordland, Rogaland og Sogn og Fjordane, Foto: Venstre

Venstres landsstyremøte gjekk denne helga samrøystes inn for å kreve at den statlege finansieringa av ferjer og hurtigbåtar vert styrka. – Dette er svært viktig for Sogn og Fjordane og andre ferje- og hurtigbåtfylke, seier leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Jan Henrik Nygård.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**


Finansieringa av hurtigbåtane er frå 2018 lagt om, og denne rammar fleire båtfylke hardt. Venstre meiner at finansieringsordninga også må støtte oppunder det pågåande skiftet til nullutsleppsløysingar. Dette krev investeringar både i infrastruktur og i materiell, som i dag fylkeskommunane tek mykje av kostnadene med.

 

– Venstre vil ha kostnadsnøklar som i større grad stimulerer nullutsleppsløysingar, og som reflekterer dei reelle kostnadene og båttilbodet som fylkeskommunen har, seier Nygård. Han er godt nøgd med at eit samrøystes landsstyre vedtok framlegget, fremja frå fylkeslaga frå Sogn og Fjordane, Rogaland og Nordland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**