Fylkesårsmøte for Sogn og Fjordane Venstre og felles møte for det komande Vestland V

Foto: Sfj Venstre

Fylkesårsmøte for Hordaland Venstre og felles møte med Sogn og Fjordane Venstre haldast:

Laurdag 2. og søndag 3. februar 2019 på Thon Hotel Jølster.

Det vert arrangert separate årsmøte for dei to fylkeslaga – Hordaland Venstre og Sogn og Fjordane Venstre. På fylkesårsmøta vil ein handsame saker i samsvar med vedtektene.

Deretter vert resten av helga køyrt som eit stort felles møte for dei to fylkeslaga som pr. 1.1.2020 vert Vestland Venstre. På dette felles møtet vil handsaming og vedtak av fylkesvalprogrammet stå sentralt. I tillegg handsamast mellom anna saker som er naudsynte i samanslåingsprosessen.

Førebels program finn du her.

Møtet er planlagt starte laurdag kl. 12.30 Registrering frå 11.00. Avslutning seinast 15.30 søndag.

Fristar:

Frist for innsending av framlegg til vedtektsendringar er allereie 1. januar 2019

Vi kan opplyse om at interimsstyret og dei to fylkesstyra, etter råd frå Venstres Hovedorganisasjon, førebels er innstilte på å nytte normalvedtekter for fylkeslag i Venstre det første året etter samanslåinga, dvs. i 2020.

Andreutkastet til fylkesvalprogram for Vestland Venstre i perioden 2019-2022: Lokallag og medlemmer kan sende inn endringsframlegg elektronisk fram til 5. januar.

Frist for innsending av saker som skal handsamast av årsmøte er 5. januar

Frist for innsending av fråsegner er sett til 23. januar

Påmeldingsfrist er 17. januar

Hotellet treng namnelister seinast to veker før møtet, og frist for å sende inn namn på utsendingar, om dei treng overnatting er difor allereie torsdag 17. januar! Dei lokallag som planlegg å halde sitt lokale årsmøte etter 17. januar må sende inn førebels påmelding.

Tal på utsendingar: Oversikt over kor mange utsendingar kvart lokallag/kvar sideorganisasjon har rett på er vedlagt denne innkallinga. Oversikta er førebels sidan det er medlemstalet per 31.12. som skal gjelde. Representasjonsretten er fastsett i §5 Fylkesårsmøtet i vedtektene. Merk at samanslåinga av ein del lokallag får innverknad på utrekninga.

Sakspapira vert sendt til dei påmelde utsendingane seinast 1 veke før møtet.