Vindafjord Venstre stiller sterkt på Rogaland Venstre sitt årsmøte


Vindafjord Venstre får gjennomslag på Rogaland Venstre sitt årsmøte. Pauline Vik Vestly, Peter Struthers og Vebjørn Halvfjerdvik snakka godt om å flytta makt og oppgåver frå staten til regionane og kommunane, om klima og miljø, og om skulepolitikk.

Pauline Vik Vestly tala mykje om å fjerne fråværsgrensa i den videregåande skulen. Dette er ei veldig viktig sak for Vindafjord Venstre.

Fråværsgrensa kostar masse pengar for elevane, tar opp unødvendig tid frå elevar og legar og øydeleggjer tilliten mellom elevane og skulen, seier Pauline Vik Vestly. Me må stola på elevane og gi dei tilliten dei fortener. Mange av desse elevane er over 18 år, men vert behandla som born i VGS no.

Pauline skal på landsmøtet til Venstre i Stjørdal i mars, der ho skal kjempe. Der vil ho gå inn for at det skal være meir tillit i skulen mellom lærerar og elevar.