Hagaseth ber Bollestad vurdere erstatningsordningen for avlingssvikt

Foto: iStock

Ingjerd Thon Hagaseth (V) møtte som vara i Stortinget for Ketil Kjenseth og stilte der følgende spørsmål til landbruksminister Olaug V. Bollestad (22. februar 2019):

Vil statsråden ta initiativ til ei revidering og justering av erstatningsordninga til landbruket grunna avlingssvikt?

Begrunnelse

Det finst nasjonale ordningar for bønder som opplever turke eller anna avlingssvikt. Men dei nasjonale ordningane slår skeivt ut for nokre brukarar, noko vi såg døme på etter sommaren 2018.

Staten har sett opp normtal for kor store avlingar ein kan hausta per dekar i eit normalår. Haustar ein mindre enn dette kan det utløysa erstatning, men den ordinære erstatningsordninga ved avlingssvikt treff dårleg for føretak som har basert drifta på eit høgt avlingsnivå. Ordninga premierer heller ikkje ekstra innsats i vekstsesongen slik som vatning, gjødsling og liknande.

Ingjerd Thon Hagaseth
Ingjerd Thon Hagaseth

Det er brukt mykje tid og ressursar på å behandle søknadar om erstatning for avlingssvikt rundt om i kommunane, men mykje tyder på at det er behov for å justere og revidere erstatsningsordningane slik at ordninga blir meir treffsikker. I fleire kommunar, til dømes i Valdreskommunane Vang og Øystre Slidre, har komunane etablert eigne kommunale ordningar for å kompensere for eller utjevne dei uheldige konsekvensane dei nasjonale ordingane.

Det er mange grunnar for ei revidering av noverande erstatningsordning:
– Næringa er sårbar for større endringar
– Omstillingsmoglegheitene er ikkje dei same som for andre næringar
– Færre og færre driv med jordbruk
– Inntektsnivået er generelt lågt

Du kan følge videre behandling i Stortinget her.