Bygg fleire studentbustader i Førde

Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat Vestland Venstre, Iselin Nybø, Minister for forsking og høgare utdanning og Åge Avedal, leiar i Sunnfjord Venstre., Foto: Venstre

Regjeringa har sett av pengar til å byggje 3 400 studentbustadar i 2019. Åge Avedal i Sunnfjord Venstre har god tru på at ein del av desse blir bygd i Førde.

– Eg og Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre, har hatt møte med Iselin Nybø, minister for forsking og høgare utdanning om behovet for fleire studentbustader i Førde, fortel Avedal, som er leiar i Sunnfjord Venstre og tredjekandidat på kommunevallista.

50 bustader
– Studensamskipnaden Saman har tidlegare fått støtte til å byggje 30 nye bustader, men har endå ikkje starte sjølve bygginga. No søkjer Saman om å få byggje ytterlegare 20 bustader. 50 nye studentbustader i Førde vil bety mykje for studentmiljøet i Førde, seier Avedal.

Ein rekordstor sum er sett av til å byggje studentbustader i 2019. I alt er det løyvd midlar til 3400 bustader. Det er 1200 fleire enn i 2018. Tilbake i 2013 vart det gjort tilsagn og støtte til om lag 1000 bustader.

– Viktig for studiestadene
Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre og ordførar i Fjaler kommune, er godt nøgd med satsinga på studentbustader.

– Ved studiestart er det kvart år tusenvis som står i kø for å få seg ein studentbustad og auka satsing på studentbustadar har lenge vore eit ønskje frå studentorganisasjonane. Det har også vore eit viktig satsingsområde for regjeringa, som har auka nivået år for år, fortel Berge Stang og legg til:

– Venstre har vore pådrivar for auka midlar gjennom budsjettforhandlingar også før vi kom inn i regjering. I 2016 og 2018 vart det løyvd midlar til å byggjer 2200 bustader og i 2017 var det midlar til 2500. At talet no er oppe i 3400 er bra. Dette er viktig både for studiestadene i fylket, men også for alle dei som flyttar på hybel andre stader i landet.

– Bygg sentrumsnært
For å få bygd fleire studentbustadar vart den økonomiske ramma og tilskotssatsane auka ved statsbudsjettet i fjor. Tilskota skal også prisjusterast årleg. Dette skal bidra til at det blir enklare for studentsamskipnadane å få sett i gong byggeprosjekta.

Åge Avedal har vore i kontakt med leiinga i studentsamskipnaden Saman for å få betre innblikk i dei konkrete planane i Førde.

– I Saman er dei veldig glad for den auka støtta, men har endå ikkje fått svar på om dei får støtte til å byggje dei 20 siste bustadene dei ønskjer i Førde. Eg håpar kontakten vår med ministeren er med å sikre desse midlane.

Avedal er også opptatt av korleis og kor studentbustadene blir bygd.

– Eg håpar studentsamskipnaden framover vil bygge fleire bustader meir sentrumsnært, men etter det eg forstår vil dei nye bustadene truleg bli plassert i Vieåsen. Men eg oppfatta Saman til å vere positive til å lokalisere fleire bustader i Førde sentrum ved seinare høve.

– Eg håpar også at dei nye studentbustadene blir mest mogleg miljøvenlege. I Bergen er fleire av studentbustadene bygd i massivtre, og det håpar eg Saman gjer i Førde også, avsluttar Åge Avedal.

 

Meir informasjon her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/3-400-studentboliger-i-2019/id2620616/