Besøk av Grunde Kreken Almeland

Stortingsrepresentant Grunde Kreken Almeland (V) vitjar Søre Sunnmøre denne helga, i samband med Bygdepride 2019.

Han skal mellom anna ta del i arrangementet på Ivar Aasen-tunet, og laurdag blir han å finne i bygdepride-paraden gjennom Volda-gatene – saman med lokale Venstre-folk, der også Hareid Venstre tek del.

Søndag skal Almeland, saman med vår ordførarkandidat, Annika Brandal besøke Ishavsmuseet og på tur med Polarstar til Sæbø.

Almeland er medlem av familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Han har vore nestleiar i Unge Venstre i perioden 2015 – 2017.