No ventar ein god sommar på dei fleste av oss. Nokon har allereie teke sitt fyrste bad i år, og opplevd å vere i vatnet i frisk luft. Me er heldige som har reint og friskt vatn å boltre oss i. Innsjøar, lokale vatn og sjøen – over heile landet. I vår kommune har me mange populære badeplassar. Vatnet er forfriskande, opplevelsesfullt og befriande for dei av oss som mestrar vatnet. Dei som mestrar å symje, kan klare å redde eige liv om ein fell ut av kajakken, robåten eller frå bryggekanten. Men slik er det ikkje for alle.
Også denne sommaren kan nokon diverre miste livet, og familiane sine kjære, fordi symjekunnskapane ikkje har vore på plass og mange ikkje er i stand til å redde eige liv i kontakt med vatn. Diverre skjer dette kvart år, både med born og ungdom og vaksne involvert.
Fakta er at Noreg er dårligast av alle land i Norden når det kjem til symjekunnskap hos born. Dette målast likt for alle 10-åringar i heile Norden. Og alarmerande nok er det berre 50 % av våre norske 10-åringar som er symjedyktige. Vi ligg langt bak andre skandinaviske land. Og det her i Noreg, som har den nest lengste kystlinja i verda!
Det er viktig å gjere endringar når me veit at det norske skuleverket ikkje har vore i stand til å gi tilstrekkeleg symjeundervisning til alle. Det handlar ikkje nødvendigvis om at symjeundervisninga som blei gitt var dårleg, uansett grunn har berre halvparten av borna klart å bestå symjeprøva.
For å forstå betre inviterte me i Venstre alle aktørar i symje-Noreg til Stortinget med spørsmål om kva Venstre kunne gjere for å ruste born betre for den aktiviteten, som mange ser på som sjølvsagt. Svaret frå alle aktørane som er symjeekspertar var; opplæringa må starte tidleg. Helst allereie i barnehagen. Med desse klare anbefalingane til oss tok me difor initiativ til ei heilt konkret ny ordning, som me med handa på hjartet kan sei har kome på plass takka vere oss i Venstre.
Ordninga er gratis symjeopplæring i barnehagane. Den fungerer slik: Stortinget løyver pengar til symjeopplæring i barnehagane. Barnehagane søkjer på midlane via fylkeskommunen. Dei barnehagetilsette tek med seg borna frå barnehagen til den lokale symjehallen. Der står symjeekspertar klare til å ta imot borna. Dei står for opplæringa, ikkje berre dei barnehagetilsette. Alle utgifter med dette dekkast av staten over statsbudsjettet. Det er ingen skjult eigenandel med lita skrift.
Likevel er det diverre mange kommunar og barnehagar som ikkje nyttar tilbodet. Vårt mål med innlegget er å presse på for at så mange born som mogleg i våre kommunar nyttar seg av tilbodet Venstre har fått på plass. Det er ei viktig oppgåve, og vil stå som ei svært viktig prioritering for Venstre også etter kommunevalet til hausten. Venstre skal få borna i kommune-Noreg til å bli dei beste symjarane i Skandinavia. Me har rett og slett ikkje råd til at våre born druknar i leik. Og når ordninga i tillegg er gratis, bør alle kommunar og alle barnehagar nytte seg av tilbodet.
Venstre har sikra heile 66 millionar kroner til symjeopplæring for dei eldste barnehageborna, 5-åringane, årleg! Vi manglar nokre millionar på statsbudsjettet til å kunne garantere symjeundervisning til alle 5-åringar i barnehagen. Beløpet har gradvis auka heilt sidan vi fekk starta opp ordninga i 2015, og vi er snart der at nærare 100.000 born har kunna fått denne symjeopplæringa i barnehagen. Fordi det er fleire kommunar og barnehagar som ikkje nyttar seg av tilbodet, klarer ikkje regjeringa å bruke opp pengane som er løyvd. Og, om ikkje alle midlane som er løyvd vert brukt, får Venstre i finanskomiteen på Stortinget heller aldri auka potten i statsbudsjettet. Vert potten brukt opp skal me i Venstre nok også få gjennomslag til å auke potten. Hjelp oss med å auke potten. Ta ordninga i bruk!
Samtidig med dette har Venstre følgt opp og meint at symjeopplæringa også bør kome tidlegare på planen i skulane. I framlegg til nye læreplanar som no er på høyring, er det forslag om å flytte symjeopplæring frå 4. klasse til 2. klasse, med høve for skulane å starte allereie frå 1. klasse. Venstre meiner nemleg at opplæringa må starte tidligast mogleg. Om borna då i tillegg har fått med seg symjeopplæring frå barnehagen, vil vår politikk her vere livreddande.
Ein av oss, og kanskje den mest dumdristige, deltok i tv-programmet 71 grader nord i 2011 og fekk då kjenne på kroppen kva manglande symjekunnskap kan føre til. Utfordringa var å hoppe frå ein båt og symje i land. Null problem! Umiddelbart etter kontakt med vatnflata kom panikken. Å feilaktig tru at ein kan symje, attpåtil i urolig sjø, var ikkje eit godt utgangspunkt. Manglande symjekunnskap gjorde møtet med vatnet til ei sterk påkjenning. Ikkje lenge etter blei ny symjeopplæring gjennomført og i midten av 30-åra kom symjeferdigheitene endeleg på plass.
Så vidt me veit er status på Bømlo er at nokre barnehagar har søkt ordninga til no. Som lokalpolitikar og rikspolitikar skal me saman gjere ein innsats for å få alle våre barnehagar med på ordninga. Me håper å ha deg som forelder eller besteforelder til eit born som går i barnehagen eller på skulen, eller du som sjølv jobbar i barnehagen, skulen og symjeklubben med på laget.
Anne-Beth Njærheim ordførarkandidat for Bømlo Venstre og symjedyktig i ein alder av 6
Abid Raja, stortingsrepresentant for Venstre og symjedyktig i ein alder av 35