Orientering om bompenger

Bybanen på Spelhaugen, Fotomontasje: Angarde

Orientering om bompenger i Bergen.

(Fra Stortingsproposisjon 11.5(2017-2018)

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om finansiering av ei bypakke for Bergen i Hordaland, i tråd med vedtak frå lokale styresmakter.

Gjennom behandling av Prop. 117 S (2014–2015) slutta Stortinget seg til bruk av bompengar til å prosjektere fjerde etappe av Bybanen frå sentrum til Fyllingsdalen.

I desember 2016 vedtok regjeringa ei forskrift om auka bompengetakstar i Bergen kommune, etter lokalpolitiske ønskje. Fullmakta inneber at Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune kan vedta at det skal takast i bruk mellombelse auka bompengetakstar som eit trafikkreduserande tiltak i periodar med høg eller fare for høg luftforureining.

BYBANEN

Hovudelementa er vidare utbygging av Bybanen, bymiljøtunnel/trafikkløysing i Bergen sentrum, Ringveg aust og høgkvalitets kollektivløysing mot vest. Fleire av prosjekta er på eit tidleg planstadium, og det er knytt stor uvisse til kostnadsoverslag og framdrift. Det er derfor ikkje tatt endeleg stilling til innretting, gjennomføring av og føreliggjande kostnadsvurderingar for prosjekt og tiltak i bypakka. Prosjektporteføljen må tilpassast dei samla økonomiske rammene for bypakka.

Mill. 2016-kr
Tiltak Aktuell økonomisk ramme
Bybanen etappe 4 6 200
Bybanen etappe 5 8 000
Kollektiv vest 1 000
Bymiljøtunnel 2 200
Ringveg aust 1 500
Programområdetiltak riksveg 4 860
Programområdetiltak fylkesveg 4 960
Bindingar Bergensprogrammet 550
Nye bomstasjonar 150
Sum 29 420

 

Bybanen – etappe 4 til Fyllingsdalen

Bybanens linje 2 frå sentrum til Fyllingsdalen omfattar bygging av 10 km ny linje frå eksisterande linje i sentrum, via Haukeland Universitetssjukehus og vidare gjennom byutviklingsområdet på Mindemyren, gjennom fjellet Løvstakken til endepunktet på Spelhaugen i Fyllingsdalen. Traseen har åtte nye haldeplassar, og vil i tillegg ha to felles haldeplassar med linje 1 i Kaigaten og på Nonneseter, samt overgang mellom linjene til Flesland og Fyllingsdalen på Kronstad. Det er lagt til rette for samanhengande sykkelveg langs store delar av traseen.

Bybanen på Spelhaugen

Den planlagde linja bind saman Fyllingsdalen som bydel med Bergen sentrum via område med tunge arbeidsplasskonsentra-sjonar (Haukeland Universitets-sjukehus, helseklynga på Årstad og Høgskolen på Kronstad) og Mindemyren med planar for storstilt byutvikling i åra som kjem.

INNKREVING

I dag utgjer elbilar og andre nullutsleppskøyretøy om lag 14 pst. av biltrafikken. I trafikktala er det lagt til grunn at talet vil auke i løpet av bompengeperioden. Som grunnlag for vurdering av bompengeinntektene er det føresett at slike køyretøy vil utgjere 20 pst. av passeringane i bomringen i heile bompengeperioden.

Som grunnlag for vurdering av bompengeinntektene er det vidare føresett at det ikkje blir vekst i biltrafikken i løpet av bompengeperioden, heller ikkje for næringslivstransportar. Sidan målet om nullvekst berre gjeld for persontransport med bil, er det grunn til å rekne med at det likevel vil bli noko trafikkvekst i bompengeperioden.

 

Takst- og rabattsystem

Tidsdifferensierte takstar har så langt ført til mindre kø og reduserte utslepp, i tråd med føresetnadene for innføring av ordninga. Ordninga blir vidareført i eksisterande bomstasjonar, men det blir ikkje innført tidsdifferensierte takstar i dei nye bomstasjonane.

Det blir innført miljødifferensierte takstar både i eksisterande og nye bomstasjonar. Det er lagt til grunn frå lokalt hald at innføringa av miljødifferensierte takstar i eksisterande bomstasjonar skal skje så snart som råd etter Stortinget si behandling av saka.

Bring satser på elbil

Det er lagt opp til ei ordning med felles timesregel for alle bomstasjonane. Ordninga med timesregel skal gjelde for både takstgruppe 1 og takstgruppe 2. Lokalpolitisk er det føresett at den høgaste passeringstaksten som blir registrert i løpet av ein time, er den taksten som skal belastast trafikanten.

Tabell 6.2 Forslag til takstar for Bypakke Bergen

2017-kr
Takstgruppe 1 Takstgruppe 2
Diesel Normaltakst Null- utslepp Euro V og eldre Euro VI Null- utslepp
Utanfor rushtid 29 24 0 67 36 0
Rushtid (0630–0900 og 1500–1700) 1 54 49 0 118 72 0

1 Rushtidsavgift skal berre betalast i eksisterande bomstasjonar.

Det er elles lagt til grunn at rabattar og fritak for betaling skal følgje gjeldande takstretningslinjer for bompengeprosjekt.

Følgjande føresetnader er elles lagt til grunn for vurdering av bompengepotensialet:

  • Lånerente: 4,5 pst. 2018–2022, 5,5 pst. 2023–2026 og 6,5 pst. frå 2027 .
  • Årleg prisvekst og takstauke: 2,5 pst.
  • Årlege innkrevjings- og driftskostnader: 86 mill. kr når dei nye bomstasjonane blir sette i drift, etter planen tidleg i 2019.

Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er det rekna med at årlege brutto bompengeinntekter vil auke frå om lag 680 mill. kr i dag til vel 1 mrd. kr

Dette gir brutto bompengeinntekter på om lag 20 mrd. kr for perioden 2018–2037. Av dette er om lag 11 mrd. kr føresett nytta til gjennomføring av prosjekt og tiltak innafor byvekstavtalen, om lag 5,3 mrd. kr til å nedbetale eksisterande lån knytt til Bergensprogrammet, om lag 2,6 mrd. kr til å dekke finansieringskostnader og om lag 1,7 mrd. kr til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Statlege midlar:

I byvekstavtalen er det lagt til grunn 1,4 mrd. kr i belønningsmidlar og 1,5 mrd. 2017-kr til programområdetiltak langs riksveg i løpet av avtaleperioden 2017–2023.

I tillegg er det føresett at staten skal bidra med halvparten av kostnadene til fjerde trinn av Bybanen til Fyllingsdalen slik prosjektet er avgrensa i byvekstavtalen. I avtalen er det lagt til grunn ein førebels prosjektkostnad på 6,2 mrd. 2016-kr og eit statleg bidrag på 3,1 mrd. kr.

 

I Meld. St. 33 (2016–2017) Nasjonal transportplan 2018–2029 er det lagt til grunn 2,2 mrd. kr i statlege midlar til prosjektet E16 Arna – Vågsbotn i siste seksårsperiode. I tillegg er det lagt til grunn 200 mill. kr til anleggsstart på prosjektet E39 Vågsbotn – Klauvaneset.

Fylkeskommunale midlar:

I byvekstavtalen er det lagt til grunn at Hordaland fylkeskommune skal løyve 255 mill. 2017-kr per år i avtaleperioden. Det fylkeskommunale bidraget skal i hovudsak gå til finansiering av programområdetiltak, men skal også kunne omfatte investeringar i bybanevogner, infrastruktur for låg- og nullutsleppsteknologi i kollektivtrafikken, tiltak i kollektivtrafikken sin driftsinfrastruktur og vedlikehaldstiltak med investeringskarakter på fylkesvegnettet i Bergen.

Utbygginga av Bybanen til Fyllingsdalen ligg først i gjennomføringsplanen, og det er klart for oppstart i 2018. Departementet ser det som særleg viktig å halde planlagt framdrift for dette prosjektet for å sikre god måloppnåing i byvekstavtalen. Det vil også bidra til at trafikantane som betalar bompengar, får nytte av prosjektet tidleg i perioden.

Departementet legg til grunn at bompengebidrag til investeringar i prosjekt og tiltak som inngår i byvekstavtalen, i hovudsak skal dekkjast gjennom løpande bompengeinntekter og ikkje låneopptak.