Vindkraft, hytter og naturvern i Orkland

Kart over inngrepsfrie naturområde i Orkland (dei grøne områda) saman med NVE sitt forslag til areal for vindkraftutbygging i nasjonal ramme for vindkraft (oransje område) og allereie vedtekne vindkraftområde i raudt. NB: Omtrentlege grenser., Orkland Venstre

FNs internasjonale naturpanel hevdar at tap av natur er ein like stor trugsel for framtida vår som klimaendringane. Vi har laga kart over inngrepsfrie naturområde i Orkland, med innteikna vindparkar og areala frå “nasjonal ramme for vindkraft”. Og skrive innlegg om dette, hyttebygging og naturvern. Innlegget stod på trykk i Avisa ST 11. juli:

Kart over inngrepsfrie naturområde i Orkland (dei grøne områda) saman med NVE sitt forslag til areal for vindkraftutbygging i nasjonal ramme for vindkraft (oransje område) og allereie vedtekne vindkraftområde i raudt. NB: Omtrentlege grenser.

Vindkraft har i vår satt naturvern på dagsorden i Orkland, både i sambandmed søknadane om konsesjon for Svarthammaren i mars og gjennom NVE sitt forslag til nasjonale ramme for vindkraft i april. Orkland Venstre er stolte over å ha stått i bresjen for den politiske motstanden lokalt og vi seier tydeleg nei til meir vindkraftbygging i urørt natur!

Det er ingen tvil om at vi har behov for større mengde fornybar energi for å gjennomføre det grøne skiftet og få ned klimautsleppa. Løysinga for dette er ei modernisering av vasskrafta vår, kombinert med solenergi og energiøkonomisering. Allereie er solenergi så lønsamt at det vert attraktivt å installere for både næringsliv og forbrukarar. Dei store kraftprodusentane vegrar seg mot å effektivisere vasskrafta i frykt for billige energiprisar. Forstå det den som kan.

Den 6. mai la FNs internasjonale naturpanel fram ein rapport der dei hevdar at tap av natur er ein like stor trugsel for framtida vår som klimaendringane. Den vart følgd opp nasjonalt med oppslag om at hyttebygging er ein av dei største trugslane mot natur i Noreg. Dei siste åra er det bygd over 6000 hytter per år i Noreg, og talet på hytter har auka med over 10 % på 10 år. Allereie i 2007 kritiserte Riksrevisjonen forvaltninga for lite berekraftig arealbruk. Vedlagte kart illustrerer at vindkraftutbygging allereie gjer eit betydeleg innhogg i inngrepsfri natur i Orkland, og at mykje meir kan gå tapt. Men fleire av desse områda er også truga av hyttebygging. Mange vil meine at hytter ikkje er estetisk skjemmande som vindmøller, men dei er minst like irreversible naturinngrep. Derfor vil Orkland Venstre også ha ein skikkeleg gjennomgang og plan for kva for område i Orkland som kan vere aktuelle for hyttebygging – der vi vernar inngrepsfrie og sårbare naturområde. Vi tok initiativ til strandsoneplan i Orkdal, og vil ha ein for heile Orkland – og vi vil ha tilsvarande planar for fjellområda våre.

Lavrans Skuterud, Mildrid Nesheim og Torstein Grønningen, listekandidatar for Orkland Venstre