Valprogram: Helse og omsorg

Venstre vil sørge for at Stad kommune klarer å gi god omsorg til deg som treng det – når du treng det. Vi skal gje rett hjelp til rett tid, og styrke folkehelse og meistring.

Stad Venstre vil:

  • Styrke satsinga på heimebasert omsorg og omsorgsbustader. Sikre eit tilstrekkeleg tal langtidsplassar/sjukeheimsplassar
  • Samordne og utvikle betre tenester innanfor rus og psykiatri
  • Bygge fleire bustader for utleige
  • Få på plass gode dagsentertilbod – også for demente
  • Eldre og andre vaksne i institusjon må få høve til privatliv
  • Nytte velferdsteknologi for enklare kvardagar, betre velferd og større handlefridom
  • Legge til rette for fleire heiltidsstillingar og ein heiltidskultur i Stad kommune
  • Bruke minst mogleg vikarbyrå i helse- og omsorgssektoren
  • Sterkare fokus på førebyggjande arbeid retta mot både unge og eldre
  • Styrke folkehelsearbeidet – tettare samarbeid med idrettsliv, bygdelag og frivillige organisasjonar
  • Satse på frisklivstilbod med rådgjeving og treningstilbod for utsette grupper
  • Vidareføre SLT-ordninga (Samordning av Lokale kriminalitetsførebyggjande Tiltak) frå Eid inn i Stad kommune
  • Styrke Nordfjord sjukehus, Nordfjord Psykatrisenter og Nordfjord BUP med nye tenester og meir aktivitet. Manglande polikliniske tilbod som ligg inne i modellen for «Framtidas Lokalsjukehus» må snarast kome på plass igjen
  • Styrke satsinga på kvinnehelse, mellom anna ved å få tilbake fullgode gynekologitenester på Nordfjord sjukehus
  • Arbeide for at fylkeskommunen tilbyr tannbehandling til fleire pasientar i Selje, i samarbeid med Eid Tannlegekontor
  • Halde oppe ambulanse- og legetenestetilbodet som i dag er i Selje
  • Etablere ein landingsplass for redningshelikopter i Selje

 

Skule og oppvekst

Nyskaping og grøn vekst

Klima og miljø

Kultur, idrett og fritid

Ein sterkare region

< Tilbake