Bensin og dieselbilar er inne i sine siste år

Tidlegare Volvo-sjef Per Gyllenhammar sa ein gong at som bil-mann synst han det var sørgeleg at nokon i det heile tatt hadde funne på å bringe bilen inn i sentrum av store byar. Bilen er laga for å rulle der det er plass, ikkje for å stampe i kø der det ikkje er plass.

Det er ei sanning som er like gyldig i dag. Bilen er ei fantastisk oppfinning – ei «fridoms-maskin» som er og

vil vere ein føresetnad for å leve eit godt liv i store deler av vårt langstrekte og spreiddbygde land.

Både og, ikkje anten eller

Men framtidas bilar – og framtidas bilbruk – vil vere annleis enn i dag. Klarer vi å løfte det perspektivet, i staden for å hamne i ein grøfte-debatt om bilen som anten den sjuande landeplaga eller ein reiskap middelaldrande menn har ein sjølvsagt rett til å dundre fram med gratis overalt, kan vi kome ut av uføret siste tidas bompenge-debatt har skapt.

 

Det som er sikkert, er at bilbruken vi har vent oss til dei siste 40-50 åra ikkje er berekraftig. Den fossile forbrenningsmotoren har tent si tid godt, men er no inne i sine siste år. Det som kjem i staden – elektriske bilar med stadig meir effektive motorar og lenger rekkevidde – vil bli ei fullgod erstatning. Også når det gjeld køyreglede og fridom.

Endring må til

Men elbilar er berre ein liten del av endringane som er på veg. I dag står ein gjennomsnittleg bil i ro 96% av tida. Kvar tredje biltur er på under 3 kilometer (samtidig som vi blir stadig meir overvektige), og vi køyrer stadig meir aleine i bilen.

Slik kan vi ikkje ha det. Det burde det vere mulig å samle seg om, også for bompenge-menn uroa over kostnader og sløsing med skattebetalarane sine pengar.

Byrj med deg sjølv

For det første bør det vere fullt mulig å erstatte mange av alle små-turane med bil med sykkel eller gange – også på mindre stader. Det handlar sjølvsagt om å bygge ut gode, sykkel- og fotgjengarvenlege tettstader, men like mykje om å snu gamle vaner. I Eid startar vi til dømes no opp gratis utlånsordning for elsyklar og elektriske varesyklar – for å få fleire til å få smaken på dette som eit alternativ til korte bilturar.

For det andre bør trenden med bildele-ordningar som no er på full fart inn i dei største byane, spreie seg raskt over heile landet. Å ha tilgang til ein «flåte» av ulike bilar for ulikt bruk, er strengt tatt også ein fridomsrevolusjon – samanlikna med å ha berre éin eller to bilar som du må nytte til alt frå søndags-date med kjærasten til transport av møkkete ungar på fotballkamp og frakt av terassebord til hytta.

 

Eit byproblem

Eg forstår at mange som er avhengige av bilen i kvardagen er uroa over bompenge-debatten som no blir ført i rikspolitikken, med dei store byane som kamp-arena. Landet er mangfaldig. Ein kamp for bilfrie storbysentra utan kork og kaos er ikkje direkte overførbart til store deler av landet elles. Du skal ikkje lenger ut av Oslo sentrum enn til Lillestrøm og Sandvika – eller frå Bergen sentrum til Arna eller Askøy – før bilbruken til folk flest liknar meir på Hammerfest og Stryn enn på transportmønsteret i sentrum av storbyen.

 

Bilen gjev fridom – og vil halde fram å gjere det inn i framtida også. Men bilen har lite i sentrum av ein storby å gjere, og vi står føre ein revolusjon i både bil-teknologi og måten vi eig og brukar bil på. Det skal vi helse velkomen. Alt vi er glade i må endre seg for å overleve.

 

Som Bruce Springsteen seier det i «Growin up»: «I found the key to the universe in the engine of an old parked car.» I framtida finn vi kanskje den nøkkelen i ein sjølvkøyrande, lekker elektrisk cabriolet som rullar inn framfor deg når du skal ut på din fyrste date for å sjå på solnedgangen ved havet. Langs ein veg der ingen bybane nokonsinne vil gå.

 

Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid