Program 2019-2023

Kinn Venstre sitt program for 2019-2023

Ein moderne kommune som unge vil flytte til

  • Vår lokale politikk gjennom 5 prinsipp og 15 mål og tiltak

Innleiing

Mange parti vedtek eit omfattande program som ofte er så detaljert og omfangsrikt at det mister sin funksjon og verdi. Kinn Venstre har ei anna tilnærming. På den eine sida er det viktig at politikarane som skal styre kommunen kan diskutere seg fram til løysingar som er best mogleg tilpassa si samtid og sin situasjon, ikkje berre i partiprogramma kvart fjerde år. På den andre sida er det viktig at veljarane og listekandidatane har eit klårt fundament som politikken skal tuftast på og som gir retning. Kinn Venstre skal ha ein profil som er lett å kjenne att, og som det er lett å ha forventningar til.

Kinn Venstre har vedteke 5 grunnleggande prinsipp som skal gjelde for alle saker og problemstillingar som vi møter. I tillegg har Kinn Venstre 15 mål og tiltak som peikar på kva vi meiner er viktig og korleis vi vil at lokalsamfunna som er Kinn kommune skal utvikle seg inn i framtida. Klarer vi å skape ein moderne kommune som unge vil flytte til, ja då meiner vi at vi har lukkast. Difor er dette vårt hovudmål. All politikkutvikling skal skje med utgangspunkt i desse prinsippa, måla og tiltaka – i møte med det som til ei kvar tid er vår kommune sine moglegheiter og utfordringar. Saman utgjer dette vårt politiske grunnlag, vårt program.

5 grunnleggande prinsipp for Kinn Venstre sitt arbeid med kommunale saker og problemstillingar. Venstre sin ideologi

  • Kommunen er først og fremst til for innbyggjarane

Kommunane viser ofte at dei er meir opptekne av systemet enn dei systemet er til for. Eit godt døme er når folkevalde skjular seg bak teieplikt og lukka dører, når dei som ei sak gjeld ynskjer offentlegheit om svikt i kommunale tilbod. Omsynet til dei som bur i kommunen skal alltid kome først, og Kinn kommune skal møte innbyggjarane på ein forståeleg, enkel, ubyråkratisk og respektfull måte. Openheit i forvaltninga er grunnleggande viktig.

  • Det viktigaste og det lovpålagte skal kome først

Kommunen har ikkje uendeleg med pengar, og det må ofte harde prioriteringar til. Kinn Venstre vil først og fremst prioritere høg fagleg kvalitet og standard på dei lovpålagte primærtenestene, som til dømes helse, omsorg og oppvekst. I prioriteringssituasjonar må slike tenester kome før dei ikkje-lovpålagte.

  • Dei folkevalte skal ta ansvar og styre kommunen

Det er viktig med god rolleforståing mellom administrativ og politisk leiing. Til sjuande og sist er det politikarane som bestemmer, og administrasjonen skal rette seg etter det politikarane bestemmer. Politisk leiing skal vere offensiv og effektiv, og legge til rette for at politikarrolla blir meir enn berre sandpåstrøing. Politikarane skal utøve best mogleg skjønn basert på høge faglege og etiske standardar og ta sjølvstendig ansvar for eigne avgjerder, ikkje skyve ansvaret over på administrasjonen. Slik blir det òg lettare for veljarane å vurdere om dei er nøgd med politikarane eller ikkje. Med ein ny kommune i støypeskeia er det særleg viktig med handlekraftige politikarar, som også kan samarbeide internt og eksternt.

  • Kommunen skal ha ei forsvarleg økonomistyring

For å få rom til å utvikle kommunen inn i framtida, må kommunen ha ei forsvarleg økonomistyring både på kort og lengre sikt. Budsjettbalanse og overskot er i seg sjølv ikkje eit mål, men eit virkemiddel for å nå dei faktiske måla vi er opptekne av for å utvikle ein moderne, raus og velfungerande kommune. Ein kan ikkje erstatte god økonomistyring med å skru opp skatter og avgifter og sende rekninga til innbyggjarane.

  • Berekraftig utvikling og omsyn til miljøet skal ligge til grunn for alt kommunen gjer

Kinn kommune skal vekse inn i framtida, og dette må skje med omsyn til miljø og klima på ein berekraftig måte. Kinn kommune har store fortrinn med viktige naturområde nær der folk bur. Desse må takast vare på, samstundes som ein utviklar nye område til industri, næring og bustadbygging for å sikre og utvikle arbeidsplassar og bustadområder. Det er viktig å harmonisere dei omsyna som gjer seg gjeldande, og det krev breie og fagleg forankra prosessar som involverer breitt. Vi ser også klima- og miljøsatsing som eit godt høve til vekst. Det er kommunen sitt ansvar å sørge for at motsetningane mellom desse ulike omsyna blir redusert og aller helst unngått. Den kommunale organisasjonen skal i alle ledd vere eit godt miljøføredøme for andre organisasjonar, verksemder og privatpersonar og ta i vare både klima, miljøet og naturen omkring oss.

Venstre sin ideologi
Desse fem prinsippa vil vi møte alle saker og problemstillingar med. Utover dette er vi opptatt av at enkeltmenneska skal få leve gode liv slik dei sjølv vil, utan at det offentlege blandar seg for mykje inn når det ikkje er nødvendig. Kommunen og det offentlege skal like fullt sørge for at viktige offentlege omsyn blir ivaretatt, og at dei som fell utanfor og som på anna vis er avhengig av hjelp frå det offentlege får rettidig og god hjelp. I møtet med kommunen er likehandsaming og rettferdigheit viktig. Vi har tru på framtida, og vi er opptatt av framtida. Vi skal tenke og handle berekraftig i alt vi gjer. Dette er kjernen i Venstre sin ideologi, sosialliberalismen.

 

Hovudmål: Ein moderne kommune som unge vil flytte til

Kinn kommune skal vere ein god stad å leve for alle innbyggjarar. Kinn Venstre sitt hovudmål er at Kinn skal vere ein moderne kommune som unge vil flytte til. Moderne betyr at vi på alle måtar skal ta inn over oss ny kunnskap og ny teknologi i alle ledd i kommunen sin tenesteproduksjon og i alle delar av kommunen. Vi må drive kommunen på berekraftig vis og gripe dei moglegheitene som ligg i å vere innovative. I dag er det eit problem at vår region ikkje er attraktiv nok for unge menneske. Dette vil vi snu gjennom målretta arbeid på å skape trygge, gode og attraktive lokalsamfunn.

15 mål og tiltak

For å nå hovudmålet vårt for Kinn kommune har vi vedteke 15 mål og tiltak som i stor grad går inn i kvarandre, og må sjåast i samanheng med kvarandre og prinsippa våre:

  • Tilflytting er prioritet nr 1: Det må bli meir attraktivt å busette seg i alle delar av kommunen – berre slik kan vi få større folketalsvekst og auka inntekter til kommunen

Florø og Måløy skal styrkast som framtidsbyane på kysten og saman bli tyngdepunkta byane i størra grad burde vore i vår region. Skal vi lukkast med dette er det viktig å sjå heile kommunen som ein, og at vi samarbeider godt med våre naboar. Det er eit mål at det området som i dag utgjer Kinn kommune skal ha minst 25.000 innbyggjarar innan 2040. Det er vidare eit mål å sikre ei folketalsutvikling som gjer dagens skulestruktur berekraftig. Å legge til rette for utvikling av arbeidsplassar og bulyst er viktig. Kinn kommune skal ha eit skatte- og avgiftsnivå som gjer det attraktivt å både bu i, og skape arbeidsplassar, i kommunen. Kinn Venstre vil vere ein pådrivar for at nasjonale pilotprosjekt kan gjennomførast i vår kommune, og slik bidra til å sette kommunen vår positiv på kartet. Vi vil arbeide aktivt for at statlege og regionale offentlege arbeidsplassar vert etablert i kommunen vår, mellom anna at forvaltninga av fiskerihamnene i Vestland fylke skal skje frå Måløy. Vi må bli flinkare til å sette kommunen på kartet og fremme våre interesser i vår nye fylkeshovudstad, Bergen, og i Oslo. Bustadpolitikken i Kinn må i større grad legge til rette for at unge kan kome seg inn på bustadmarknaden, gjennom etablering av gjennomgangsbustader etc.

  • Det skal vere enkelt å ta klima- og miljøvennlege val i Kinn kommune

Kinn kommune skal legge stor vekt på omsynet til klima og miljø i alt sitt arbeid. Det er viktig å gjere det enkelt for innbyggjarar og næringsliv å ta klima- og miljøvennlege val uavhengig av kor ein bur i kommunen. Innsatsen mot plast i havet og andre økosystem skal forsterkast, og kommunen skal gjere det enkelt for at frivillige kan engasjere seg i slike miljøsaker. Kinn skal vere i front for å vise veg i klima- og miljøarbeidet, og bør mellom anna så langt mogleg vere ein plastfri kommune. Det er viktig å styrke den klima- og miljøfaglege forståinga og kompetansen i heile den kommunale organisasjonen. Kinn skal vere i front for å satse på elektrifisering av transportsektoren, herunder med fleire ladestasjonar til elbil og utviklinga av nye elfly på kortbanenettet.

 

  • Helse- og omsorgstenestene skal vere verdige, moderne og tilpassa brukarane sine behov

Kinn kommune har mange føresetnader for å vere i landstoppen for kommunale helse- og omsorgstenester. Kommunen skal auke grunnbemanning i omsorgstenestene, auke sjukeheimslegeressursen og sørge for ein aktiv og verdig kvardag for omsorgstrengande i alle aldrar tilpassa deira behov. I Florø skal Furuhaugane omsorgssenter leggast ned og funksjonane der flyttast til sjukehuseigedomen. Sjukehuseigedomen skal utviklast som arena for omsorg, rehabilitering og helsetenester. Kulatoppen omsorgssenter i Deknepollen må utvidast. Desse grepa sikrar fleire omsorgsbustader og institusjonsplassar, noko kommunen har stort behov for. Omsorgstrengande skal kunne bu heime lengst mogleg om dei ynskjer det. Når dei treng meir omfattande helsehjelp skal ein få dette nærast mogleg heimstaden sin, eldre i Måløy skal til dømes ikkje måtte bu på omsorgssenter i Florø og omvendt. For å nå alle desse måla er framtidsretta og fornuftig bruk av omsorgsteknologi viktig. God mat er ein viktig del av dei omsorgstrengande sin kvardag. Brukarane, dei pårørande og dei tilsette nærast brukarane må involverast meir i utforminga av omsorgstenestene.

  • Skulen skal vere framtidsretta og rusta til å kunne tilpasse seg alle elevar

Skulen i Kinn kommune skal vere tilrettelagt den enkelte elev sine behov og moglegheiter. At skulen er ein arena der det er godt å både vere og lære, er viktig. Å auke tettleiken av trygge pedagogar i skulen er det viktigaste enkelttiltaket for god læring. 2-pedagogordninga må gjennomførast. Om ein skule blir så liten at det ikkje er pedagogisk forsvarleg å oppretthalde den, må skulen leggast ned. Kinn kommune må tidleg utfordre grendene på korleis ein kan sikre dagens skulestruktur på ein berekraftig måte. Å gjere overgangen frå barneskule til ungdomsskule, og frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring, så mjuk som mogleg, er ei prioritert oppgåve. Å førebygge fråfall i vidaregåande opplæring er avgjerande viktig. Grunnskulen skal innarbeide fleire praktiske alternativ og tilbod for elevar som er teorilei. Samarbeid mellom skule og næringsliv må styrkast. Elevar som vil bør få høve til å ta trafikalt grunnkurs, jegerprøva og båtførarprøva i skulen. Skulesymjinga og opplæring i livredning og førstehjelp skal vesentleg styrkast. Godt vedlikehaldne og tilrettelagte skulebygg med tilstrekkeleg spesialrom, klasserom tilpassa elevgruppene og godt innemiljø er ein føresetnad for god læring. Dei vidaregåande skulane i kommunen, Måløy og Flora vidaregåande skular må ha eit tilbod som er attraktivt for unge, og tilpassa behova til næringsliv og offentleg sektor. Kinn kommune må bidra til å styrke samarbeidet mellom skulane og andre relevante aktørar. Kinn kommune skal arbeide for berekraftige tilbod innan høgare utdanning, og arbeide for at det blir etablert eit folkehøgskuletilbod i kommunen, til dømes retta mot maritime og marine næringar.

  • Kinn kommune skal gi alle barn og unge ein god start på livet

Kinn kommune skal vere ein trygg og kjekk kommune å vekse opp: Ein god barndom har ein med seg heile livet, og gjer det meir truleg at ein kjem til å bu i Kinn kommune seinare i livet. Ungdomshuset Haffen må ha økonomiske rammer til å vidareutvikle si rolle som samlingsstad for ungdommen i Flora, og eit tilsvarande tilbod må etablerast i Måløy. Det kommunale tenesteapparatet (m.a. helsestasjon, skulehelsetenesta, barnevern m.m.) skal rustast slik at dei kan følge opp alle barn og unge i Kinn på ein god måte, og særleg følgje opp utsette grupper. Kinn kommune skal ha eit tilbod tilsvarande det ein før kjente som «husmorvikar», for å kunne hjelpe familiar som av ulike årsaker treng hjelp i kvardagen i periodear. Å legge til rette for at det er lett og trygt å ta sunne og helsefremmande val i ulike livsfasar er ei prioritert oppgåve. Slik tilrettelegging er mellom anna trygge skule- og sykkelvegar, fritidstilbod som fremmar aktiv livsstil og meir fysisk aktivitet i skulen. MOT skal ha ei sentral rolle i skulen. Kinn Venstre er positiv til å prøve ut nye måter å organisere fritidstilbod/SFO-tilbod etter skuletid, dersom dei involverte aktørane ynskjer det.

  • Kinn kommune vil aktivt bekjempe einsemd

Uavhengig av diagnose, alder, livssituasjon og funksjonsnedsettingar skal alle oppleve å bli sett, involvert og verdsett – alle skal kunne ta fullverdig del i sitt lokalsamfunn. Kinn kommune skal ruste sine tenester slik at det er nok vaksne som fangar opp barn og unge som har problem, at omsorgstrengande får tid nok med omsorgspersonalet, at dei som treng nokon å snakke med veit om og blir godt mottatt i det kommunale støtteapparatet og at det er lett for frivillege å bidra. Kommunale bustader bør organiserast slik at ein skapar fellesskap framfor isolasjon. Kulturtilbod og andre tiltak må ta særleg omsyn til å fange opp dei som har eller kan falle utanfor, og skape samhald og attraktivitet.

  • Kinn kommune skal bli flinkare i møtet med innbyggjarane enn dei «gamle» kommunane var

Kinn kommune skal møte innbyggjarar på ein forståeleg, positiv, respektfull og imøtekomande måte. Den som søkjer om tenester eller tiltak kan ikkje alltid få det som ein vil, men ein skal alltid få det ein har krav på. Det er viktig at innbyggjarane på ein lettfatteleg måte får opplyst kva ein har krav på. Både avslag og innvilga søknader skal kome raskt, ha ei forståeleg form og opplyse om eventuelle klageordningar. Venstre vil ha ein kommune som involverer innbyggjarane meir, i alle ledd av den kommunale sakshandsaminga. Ordninga med møte mellom grendautvala i Flora kommune og kommunen vert utvida til å gjelde heile Kinn kommune for å sikre at innbyggjarane kan påverke store og små saker for sitt nærområde. Folkets spørjetime skal innførast i kommunestyret. Kinn kommune skal alltid søke etter ny teknologi for å gjere innbyggjarane sitt møte med kommunen så enkelt og tilgjengeleg som mogleg. Kommunen skal møte tilflyttarar med opne armar og innbyggjarara med opne dører.

  • Aktiv livsstil, idrett og friluftsliv skal vere eit satsingsområde i Kinn

Kinn kommune skal vere ein kommune der innbyggjarar og besøkande brukar naturen på ein helsefremmande og berekraftig måte. Vi skal vidareutvikle dei grøne sentrumsnære lungene for alle, legge tilrette for merking og opprusting av turstiar i heile kommunen og fremme informasjon om kva moglegheiter som ligg for aktivt friluftsliv i kommunen. Vi meiner det ligg eit næringspotensiale i dette som ikkje er forløyst i dag. Kinn er kommunen frå hav til bre, frå øy til fjord, med grender vi må halde liv i og med to sjarmerande og offensive småbyar som hjarte. Kommunen må gjere desse kvalitetane meir tilgjengelege og profilerte, og utvikle seg som turistmål. Idretten gjer ein formidabel innsats for folkehelsa og for å profilere kommunen vår på ein positiv måte. Kommunen må legge til rette for at idretten både kan løfte topp og breidde. Kinn må ha ein meir langsiktig plan for investering i eksisterande og nye idrettsanlegg, og for driftstilskot til lag og organisasjonar som speglar verdien av den store dugnadsinnsatsen som vert lagt ned. Dei to planlagte prosjekta storhallen i Florø og symjeanlegget i Måløy er begge viktige for å bygge attraktivitet i byane våre. Kommunen bør vurdere å la fylkeskommunen overta Nordfjordhallen, slik dei har gjort med Flora idrettssenter i Florø.

  • Kommunikasjon og samferdsle på kysten må få eit solid løft

Å kome seg raskt og trygt fram er avgjerande viktig for attraktiviteten til Kinn kommune som bustad- og arbeidskommune og for å fremme næringsutvikling og verdiskaping. Kinn kommune skal ha ein langsiktig og forpliktande plan for opprusting av det kommunale vegnettet, og for vedlikehald og oppgradering av kaiene i kommunen. Det er viktig at havnene i kommunen er attraktive for både næringsliv og turistar, og at meir av godstrafikken går sjøvegen. Båtrutetilbodet mellom Florø og Måløy må utvidast og moderniserast slik at det blir enkelt å pendle mellom kommunesentra i Kinn. Det er viktig å ha båtruter i Florabassenget som er tilpassa behovet i øyane. Båtrutene i Florabassenget må òg utvidast til å knyte saman Flora med Askvoll, Bremanger og Vågsøy i påvente av ein ytre kystveg. Det gode arbeidet med å realisere eit nullutsleppsbåtrutesamband (i første omgang mellom Måløy og Florø) må halde fram. Kinn kommune må arbeide for å få meir midlar til rassikring, særleg av riksveg 5. Det må startast eit arbeid med å tilrettelegge for å utvide flyplassen i Florø, og om mogleg må dette gjerast på ein måte som både frigjer tomteland til by- og næringsutvikling og som knyter nærliggjande øyer til Florø. Flyplassen er viktig for å knyte vår region saman med særleg Oslo og Bergen, og Venstre vil arbeide for at flyplassen får stadig nye destinasjonar. 45-minuttsregionen må realiserast som det viktigaste enkelttiltaket for vekst på kysten. Å få til eit samband over Terøya og knyte Årebrotet til Florø, er ei prioritert oppgåve også med næringsutvikling som mål. Å ha full mobil- og breibandsdekning i heile kommunen, inkludert langs skipsleia langs kysten mellom Florø og Måløy, må raskt bli ein realitet. Den delen av vegen mellom Måløy og Raudeberg (Fv617) som ikkje er utbetra må snarast utbetrast, det same gjeld Fv621. Det må etablerast ein bybuss i Vågsøy som særleg knyter Raudeberg, Holvik/Vågsvåg, Måløy og Deknepollen saman. Ein av bybussane i Florø bør gå motsett veg av i dag, for å gjere dette tilbodet meir attraktivt. Kinn Venstre vil arbeide for at det skal bli rimelegare å ta kollektivtransport i kommunen. Kinn Venstre vil arbeide for at Stad skipstunnel raskt blir realisert. Kollektivtransport i Kinn skal henge saman og vere mest mogleg saumlaus, dette er særleg viktig for båtruter opp mor flyplassen.

  • Kinn skal ha eit mangfaldig kulturtilbod heile året – og kultur skal vere sentralt i byutviklinga

Kinn kommune har mange kulturarenaer som må styrkast. Kulturskulen må ha føreseielege rammer, og vere for alle uavhengig av personleg økonomi. Grunnskulen skal ha rom til å satse på musikalar og kultur i undervisninga. Samfunnshuset i Florø skal moderniserast og reindyrkast som kultur- og konferansehus, og kulturskulen si avdeling i Florø skal mellom anna flyttast dit. Venstre ser samarbeid med hotella om utviklinga av samfunnshuset i Florø som konferansearena som naturleg, og det same gjeld hotellprosjektet i Måløy sentrum. Kyrkjebygga våre er viktige kulturminne og forsamlingsstadar som må vedlikehaldast og sikrast betre enn i dag. Alle alders- og brukargrupper skal oppleve å kunne ta del i eit rikt kulturliv i Flora. Det skal mellom anna bli rimelegare å gå på kino. Biblioteka skal utviklast som viktige møtestadar for innbyggjarane. Når byane Florø og Måløy skal utvikle seg inn i framtida er det viktig at ein skaper og vidareutviklar arenaer for kultur som ein integrert del av byutviklinga. Begge byane våre har mykje å lære av liknande byar som aktivt har satsa på å skape scener og andre rom for kultur i offentlig og privat regi, her treng ein ikkje sjå lengre enn til Eid og Førde. Kinn kommune skal aktivt arbeide for å fremme kulturbasert næring for å slik gjere det attraktivt å leve i kommunen, anten ein er på besøk eller bur her fast.

Florø og Måløy skal utvikle seg som moderne norske småbyar. Det er viktig å legge til rette for eit pulserande liv i heile sentrum, der det er triveleg og attraktivt å vere. Det skal vere gratis wifi i sentrum av byane, bygder og naturlege møteplassar i kommunen. Sentrumskjernen av Florø og Måløy skal vidareutvikle byen sitt særpreg på ein moderne måte. Kinn kommune skal ta eit større ansvar for å halde ved like eigne bygg og eigedomar og slik vere eit godt føredøme for private eigarar. Ingen bygg skal stå til forfalls. Parkar og grøntareal er viktige for trivselen til innbyggjarar, og det må difor også satsast på gartnarfagleg kompetanse.

  • Kinn kommune skal vere best i landet på koordinerte helsetenester

Alle innbyggjarar i Kinn kommune skal møte eit koordinert helsevesen som tar vare på pasientar som er sjuke eller som står i fare for å trenge helsehjelp, og som gjennom førebyggjande arbeid kan hindre at folk treng meir omfattande helsehjelp seinare i livet. Sunnfjord Medisinske Senter må utviklast vidare som fyrtårn i Helse-Noreg. Kinn kommune vil samarbeide tett med både sentralsjukehuset i Førde og Nordfjord sjukehus for å sikre innbyggjarane gode og nære helsetenester. Dagens ordningar for legevakt og jordmorvakt må styrkast. Rus- og psykiatri må førebyggast betre og tiltakstenesta må settast i stand til å hjelpe dei som har problem. Kommunepsykologordninga må styrkast for å saman med skulehelsetenesta og fastlegane kunne fange opp barn og unge som slit psykisk på eit tidleg stadium.

  • Kommunen skal spele bedriftene våre gode og bidra til eit offensivt, framtidsretta og mangfaldig næringsliv

Kinn kommune skal ha eit mangfaldig næringsliv som opplever ein kommune som spelar på lag for å sikre arbeidsplassar og utvikling. Den kommunale organisasjonen må bli betre til å handle lokalt. Det er viktig med langsiktige perspektiv for å legge til rette for at våre lokalsamfunn kan gripe moglegheiter og skape verdiar når moglegheitene byr seg. Lokalsamfunna våre er òg avhengig av at Kinn kommune evnar å vere i forkant av utviklinga, slik at ein kan ruste seg på best mogleg vis for det som kan kome. Å vere nytenkande og legge til rette for dei som vil drive næring og industri i kommunen vår er viktig. Kinn skal ha rikeleg med regulert og tilrettelagt næringsareal både for dei som vil eige og dei som vil leige. Å få meir aktivitet til kommunen i samband med maritime, marine, petroleums- og energiorienterte næringar som vi har ein strategisk nærleik til, er ei særleg prioritert oppgåve. Fiskerinæringa må sikrast gode vilkår. Næringslivet må utvikle seg på ein måte som tek i vare Kinn kommune sine naturgitte fortrinn og kvalitetar. Kinn bør bli fremst i landet på berekraftig og innovativ fornybar energi, spesielt hydrogen og offshore vindkraft, slik at vi som lokalsamfunn får fleire bein å stå på. Stortinget har vedteke at det i lang tid framover skal skje ei stor utvinning av olje- og gass rett utanfor kysten vår. Venstre vil arbeide målretta for at vi kan ta del i denne verdiskapinga, og slik også tileigne oss kompetanse vi kan bruke i møtet med eit næringsliv i grøn omstilling. «Det grøne skiftet» skal gjennomførast på ein måte som sikrar arbeidsplassar og vekst i Kinn kommune. Kinn kommune må bli eit naturleg utgangspunkt for turistar som vil besøke Fjord-Norge. Kinn kommune vil, mellom anna gjennom eigarskapen i SFE, aktivt arbeide for at linjenettet og turbinar i eksisterande vasskraftanlegg blir fornya og utbetra.

  • Fleire fornuftige og framtidsretta offentlege arbeidsplassar

Kinn kommune er ein stor arbeidsgjevar og skal ta vare på sine tilsette, slik at flinke folk har lyst til å arbeide i kommunen. Det er viktig at ikkje administrasjonen i kommunen blir for stor, på bekostning av brukarnære tenester. Kinn kommune skal ha delt kommunesenter mellom Florø og Måløy, slik intensjonsavtalen legg til grunn. Det er viktig at ein gjennomfører dette prinsippet på ein måte som skapar stabilitet i organisasjonen over tid, både i Florø og i Måløy. Rådhusprosjektet i Florø skal gjennomførast på ein måte som fremmar byfornying og frigjer ressursar gjennom betre samordningseffektar. Nye kommunale bygg skal vere vedlikehaldsvenlege og arealeffektive, både med omsyn til økonomi og miljø. Å offensivt legge til rette for og ta initaitv til at Kinn kan ta vare på og ta i mot fleire statlege, fylkeskommunale og interkommunale arbeidsplassar skal ha høg prioritet. Det er viktig å løfte fram samspel mellom offentleg og privat sektor, der forskingsprosjektet Måløy Marine Ressurssenter (MMR Ocean Blue) er eit godt døme.

  • Kinn kommune skal ha eit godt forhold til alle våre nabokommunar, og er positive til å vurdere å utvide Kinn kommune

Kinn kommune er opptatt av at kysten si stemme må vere sterkast mogleg. Dersom nabokommunar som vil binde kysten saman og løfte viktige kystsaker vil bli med i Kinn er Venstre positiv til å vurdere dette. Det er viktig at Kinn posisjonerer seg i nye Vestland fylkeskommune og ovanfor nasjonale styresmakter slik at vi kan realisere det potensialet som Kinn kommune og kysten har i seg. Det er eit problem at kysten over mange år ikkje har klart å samle seg om viktige saker og tale med samla stemme. Dette må Kinn ha som si viktigaste oppgåve. Samstundes er det viktig å ha eit godt samarbeid med fylkeskommunen, våre nabokommunar og andre kommunar i vår nye region.

  • Kinn skal vere eit samfunn der flest mogleg er i arbeid og der sosiale forskjellar er minst mogleg

Kommunen må saman med næringslivet sørge for at flest mogleg fullfører vidaregåande opplæring, at arbeidsløysa er låg og at alle samfunnsgrupper, herunder innvandrarar, blir godt integrert i lokalsamfunnet. Flest mogleg skal eige eigen bustad, og det skal vere nok bustadar tilpassa behovet til ulike befolkningsgrupper i samfunnet. Fri bruk av kommunale tenester som til dømes Havhesten i Florø, kultur- og treningstilbod for utsette grupper og enkeltpersonar, er ein god måte å tilrettelegge for at fleire blir involvert og aktivisert i samfunnet til alle sitt beste. Kvar og ein må ta ansvar for eiga helse, men folkehelsa er òg eit kollektivt ansvar som kommunen må ta på alvor.