Kapittel 2 – Venstres Vestland

Frå 2020 vert fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til Vestland, som vil bli ein av landets største og mest livskraftige fylke.

Venstre helsar regionreforma og det nye fylket velkommen. Som liberalt parti er det eit mål at vedtak skal takast nærast mogeleg innbyggaren, og vi vil at reforma skal medføre reell desentralisering av makt, fleire oppgåver, ressursar og kompetanse frå staten til Vestland fylke. Slik vil vi styrka demokratiet og samfunnsutviklinga i fylket vår. Målet på sikt er å få til eit samla fylke for heile Vestlandet, som får endå større grad av sjølvstyre, innanfor område som samferdsel, areal- og miljøforvaltning, ressursforvaltning, utdanning, helse, kultur og næringsutvikling.

Våre særlege fortrinn og ressursar, identitet og historie gjev grunnlag for ein ny og berekraftig Vestlandsregion. Venstre vil nytte dei rike natur- og kulturressursane våre for å skape vekst, utvikling og arbeidsplassar i heile regionen.

Bergen er vår sterke fylkeshovudstad og i alle deler av fylket har vi livskraftige småbyar, tettstader og bygder. Å vidareutvikla samspelet mellom Bergen, tettstadene og bygdesamfunna våre vert sentralt for Venstre, når vi no skal gå i gang med å utvikla Vestland. Vi vil vidareutvikle eit næringsliv i verdsklasse, stimulere til sterke oppvekst- og kunnskapsmiljø og fremje ei berekraftig forvaltning av vårt unike natur- og kulturlandskap. Vår felles kulturarv gjer Vestland til ein kulturell spydspiss, nasjonalt og internasjonalt.

Nynorsk er ein viktig del av vestlendingen sin identitet som det offentlege har eit ansvar for å ta vare på. Sjølv om nynorsken står støtt i Vestland fylke, er språket under press. Vestland fylke må ha nynorsk som administrasjonsspråk. Det nye fylket vil vere ein stor og viktig tekstprodusent som kan bidra til at innbyggarane møter meir nynorsk i sin bokmålsdominerte kvardag. Vestland fylke må verne om og utvikle nynorsk som eit fullgodt bruksspråk på alle område i samfunnet.

Eit sterkt Vestland med styrka makt og oppgåver må også arbeide for vidare utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo. Det skal bidra både til å både spreie makta i landet, og skape auka grunnlag for vekstkraftige bu- og arbeidsmarknadar i heile regionen.

Venstre vil:

  • bruke våre naturgjevne fortrinn for å skape vekst og utvikling
  • nytte teknologi og digitalisering som verktøy for å korte ned avstandar, kommunisere og løyse oppgåver uavhengig av geografiske avstandar
  • at fylkeskommunen skal leggje stor vekt på det kommunale sjølvstyret i plansaker
  • arbeide for at ytterlegare oppgåver vert overførte frå staten til folkevalde regionar, til dømes barnevern, kulturoppgåver og helse
  • aktivt leggje til rette for at byane og dei større tettstadane i fylket kan utvikle seg på ein måte som fremjar utbane kvalitetar, for å tiltrekkje seg unge menneske til fylket. Fylkeskommunal og statleg verksemd bør lokaliserast slik at den medverkar til god lokal by – og regionsenterutvikling.
  • flytte ut og spreie statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar til alle delar av fylket
  • bidra til å utvikle attraktive bu- og arbeidsmarknader og sterke regionsentra, med breie tenestetilbod og sterke kunnskaps- og innovasjonsmiljø. Statlege arbeidsplassar og institusjonar må lokaliserast slik at dei medverkar til god lokal by- og regionsenterutvikling.
  • auke det internasjonale samarbeidet, særleg innan klima og kulturspørsmål
  • vidareføre og styrke Nordsjøsamarbeidet i heile fylket
  • styrke Vest-Noregs Brusselkontor
  • at utviklinga av byar og tettstader skal ta omsyn til viktigheita av kultur og kulturbaserte næringar i sentrum
  • stadfeste nynorsken sin plass på alle område i samband med fylkessamanslåinga
  • at Vestland fylke skal ha nynorsk som administrasjonsspråk
  • at alle tekstar som fylkeskommunen betaler eksterne tekstprodusentar for, bør leverast på nynorsk
  • alle underavdelingar av fylkeskommunen skal bruke nynorsk i heile fylket.
  • arbeide for at kommunane tek eit aktivt val om nynorsk som administrasjonsspråk